Venstre-forslaget får fleirtal - halverer veksten i kraftfôrprisen

Venstre får fleirtal for å auke ramma for jordbruksoppgjeret til 625 millionar kroner. Ein god del av påplussinga blir øyremerka til å halvere veksten i kraftfôrprisen før partane skal forhandle om resten.

Fleirtal: Forslaget om 625 millionar kroner i ramme for jordbruksoppgjeret, som Venstre og talsperson Pål Farstad står bak, får fleirtal på Stortinget. Foto: Vidar Sandnes

Jordbruksoppgjeret

Jordbruksforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane enda i år med brot.

Tilbodet frå staten på 410 mill. kr er sendt til Stortinget. Det gir ca 8000 kr pr. årsverk i potensiell inntektsvekst, mot 16.700 kr for andre grupper.

Bondekravet var på 1450 mill. kr, 31.700 kr pr. årsverk.

Stortinget har vedtatt nytt inntektsmål der det heiter at målet er å «redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet».

Venstre valde å bryte forhandlingane med KrF, Sp, Ap og SV torsdag kveld. Forslaget deira om 625 mill. kr i ramme, som blir sendt tilbake til partane for sluttforhandlingar, får fleirtal med støtte frå Høgre og Frp.

KrF, Sp, Ap og SV går inn for ei ramme på 790 mill. kr som skal gi bønder lik inntektsvekst som andre grupper målt i kroner.

Der går det fram at Venstre-forslaget om å auke ramma til 625 millionar kroner, og sende oppgjeret tilbake til partane for sluttforhandlingar, får fleirtal på Stortinget gjennom støtte frå Høgre og Frp.

Halverer prisauke på kraftfôr

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbehold våre abonnenter.


Gratis digitalabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før

Gratis komplettabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag

Neste artikkel