Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utbrot av kverke på hest i Østfold

Dyresjukdommen kverke er blitt oppdaga i Østfold. Mattilsynet ber hesteeigarar ta ei rekke forholdsreglar.

Kverke er ein akutt og smittsam bakterieinfeksjon i luftvegane hos dyr av hesteslekta. Illustrasjonsfoto: Margunn Sundfjord / NPK
Annonse

Fleire stallar har no blitt pålagde mange restriksjonar som skal hindre vidare smittespreiing. Hesteeigarar i Østfold og omland bør redusere kontakt mellom stallar så mykje som mogleg inntil vidare.

Kverke er ein akutt og smittsam bakterieinfeksjon i luftvegane hos dyr av hesteslekta. Typiske symptom er hovne lymfeknutar i hovud- og halsregionen, utflod frå nasen, hoste og feber. Kverke er ikkje farleg for menneske.

Neste artikkel

Islandsk bondeoptimisme