Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Unike regnskogar på Vestlandet: - Det gir Noreg eit spesielt ansvar

På Vestlandet er det kartlagt verdifulle kystregnskogar som er unike i verda. Skogane er små, men er leveområde for fleire trua artar, fortel Miljødirektoratet.

Rødflekklav er det funne mest av i skogar i Hordaland, men også nokre stader i Møre og Romsdal og Rogaland. Den er vurdert som sårbar på Norsk raudliste for arter. Foto: Kirstin Flynn Steinsvåg / Miljørdirektoratet

– Desse spesielle regnskogane på Vestlandet utgjer ein stor del av den europeiske utbreiinga av slike skogtypar. Dei er ein verdifull del av både norsk og globalt biologisk mangfald. Det gir Noreg eit spesielt ansvar for å bevare dei, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Skogane er kjenneteikna ved at dei veks i klima med høg og stabil luftfukt i eit mildt vinterklima. Områda gir heilt spesielle livsvilkår for ulike arter, særleg mosar og lav. Fleire av dei artene som er funnet på Vestlandet, har liten utbreiing elles i verda. Og fleire av dei registrerte artane i kystregnskog er vurdert som trua på raudlista for artar.

Les også: Brasil opprettholder omstridt skoglov

Tre skogtypar

Regnskogane som er kartlagt i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, utgjør tre ulike skogstypar: rik boreonemoral regnskog, fattig boreonemoral regnskog og boreal regnskog med furu.

Det er registrert 1,4 kvadratkilometer med rik boreonemoral regnskog, fordelt på 50 lokalitetar. Os, Fusa, Tysnes, Kvinnherad, Stord, Fitjar og Bømlo kommunar i Hordaland, Åkrafjorden-området i Etne og Kvinnherad kommunar og Suldal, Finnøy, Hjelmeland, Strand, Sandnes og Forsand i Rogaland vurderast som kjerneområde

Annonse

Det er registrert 12,3 km² med fattig boreonemoral regnskog, fordelt på 399 ulike område. Svanøy i Flora kommune (Sogn og Fjordane), delar av Os og Tysnes, Fusnes og Kvinnherad i Midt-Hordaland, delar av Bømlo, Stord og Fitjar kommunar i Sunn-Hordaland, og delar av Sandnes, og Strand og Forsand kommunar i Rogaland vurderast som kjerneområde.

Det er registrert 25,2 km² boreal regnskog med furu fordelt på 61 lokalitetar. Kjerneområdet er vurdert å vere innanfor kommunane Flora, Bremanger og Gloppen i Sogn og Fjordane.

Frivillig vern

Bakgrunnen for den omfattande kartlegginga er å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig forvaltning. Miljødirektoratet har sett i gang eit arbeid overfor skogeigar-organisasjonane.

Direktoratet ønsker tilbod frå skogeigarane gjennom ordninga for frivillig vern. Ordninga gir grunneigarar moglegheit til vern av sine eigedommar mot ein økonomisk kompensasjon.

©NPK

Neste artikkel

Renteauke vil gjere ein vanskeleg situasjon endå vanskelegare