Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tonnevis med potet blir kasta fordi dei er vaska

Femti tonn poteter går rett i bosset fordi forbrukarane vil ha reine og fine poteter.

Forbrukarane vil ha reine poteter. Foto: Siri Juell Rasmussen

Daglegvarebransjen meiner kundane vil ha potetene vaska, pakka og lett tilgjengeleg. Men vaska poteter reduserer haldbar-tida med fleire månader og dei blir kasta etter tjue dagar, fortel NRK.

Tidlegare vart poteter selde uvaska og i tette sekker. Då heldt potetene seg svært lenge.

– Vi veit at forbrukarane ønskjer å sjå det dei kjøper, og dermed fungerer ikkje lystette posar. Tidleg på 2000-talet stupte potetsalet, folk ønskte ikkje kjøpe poteter som var møkkete og tok lang tid å lage til. Vi var nøydde til å gjere noko, seier Pia Gulbrandsen, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama.

Potetene vart vaska reine og presentert i sekker med lysinnslepp for å lokke kunden til seg. Det reduserte haldbarheita og auka matsvinnet.

Annonse

I butikkane til Norgesgruppen blei det i fjor destruert 50.000 kilo poteter. I tillegg kjem svinnet frå Rema 1000, Coop-butikkane og forbrukarane sjølv. ©NPK

Neste artikkel

Sørlandsbanen og Østfoldbanen stengt på grunn av uværet