Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine med nytt rekordresultat

Effektiviseringstiltak og framgang i salet av ferdigmat, is og ost gav Tine eit driftsresultat på over 1,7 milliardar kroner for fjoråret.

Resultat: Tine-resultatet for 2016 viser eit overskot før skatt på 1862 millionar kroner, opp 283 millionar kroner frå året før. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Onsdag la bondeeigde Tine fram resultatet for 2016. Salsinntektene i meierikonsernet var på 22,1 milliardar kroner, opp 1,4 prosent målt mot 2015.

Driftsresultatet er på heile 1962 millionar kroner, opp frå 1678 millionar kroner året før. Det inkluderer ein positiv eingongseffekt på 245 millionar kroner frå endring i uførepensjonen i 4. kvartal, skriv Tine i ei pressemelding.

283 millionar meir i overskot

Utan den positive eingongseffekten var driftsresultatet på 1716 millionar kroner i pluss, noko som er ein vekst på 2,3 prosent frå 2015 ifølgje Tine.

Resultatet før skatt blei på 1862 millionar kroner i fjor, mot 1579 millionar kroner året før. Overskotet blei i fjor med andre ord 283 millionar kroner høgare enn året før.

Trass rekordresultatet er Tine måtehalden i karakteristikken av resultatet.

– Resultatet er godt, men på det jamne. Etter fleire år med sterk resultatforbetring var utviklinga stabil frå 2015 til 2016. Resultatet er godt, men heller ikkje betre enn det vi treng for å byggje konkurransekraft i ein skiftande forbrukarmarknad i åra som kjem, uttalar konsernsjef i Tine, Hanne Refsholt, i pressemeldinga.

Tilbakegang i volum

Tine skriv at dei arbeider kontinuerleg med tilpassingar og forbering av drifta og organisasjonen. I 2016 realiserte meierikonsernet forbetringseffektar tilsvarande 180 millionar kroner, skriv Tine.

Tine melder om svakare vekst enn totalkategorien i fjerde kvartal for meieriverksemda. Faste kvitostar og søtmjølk skal ha vore drivarar for verdivekst i 4. kvartal, medan det var tilbakegang i volum.

Annonse

Totalt for året melder Tine også om noko tilbakegang i volum, men vekst i verdi.

Framgang for is og ferdigmat

Tine melder at Diplom-Is hadde god resultatutvikling innan iskrem og at Fjordland opplevde sterk vekst innan kategoriane skålrettar, spiseklare mellommåltider og grøt.

Salsinntektene i kategorien Annan verksemd enda på 2,6 milliardar kroner, opp 6,8 prosent, og driftsresultatet blei 134 millionar kroner, opp 29 millionar kroner frå året før.

Vil etterbetale 66 øre per liter

Konsernstyret går inn for ei etterbetaling til eigarane, mjølkebøndene, på 66 øre per liter levert mjølk i 2016. Det utgjer 112.000 kroner per mjølkeprodusent i snitt opplyser Tine.

Samla gjer det at betalinga per liter mjølk for 2016 blir på 5,69 kroner per liter, ein auke på 8 øre (+1,4%) frå 2015.

Saka er oppdatert med nye tal for gjennomsnittleg etterbetaling for bøndene. Tine oppgav i pressemeldinga at etterbetalinga i snitt er på 88.000 kroner per produsent. Det har Tine sjølv i ettertid overfor Nationen korrigert til 112.000 kroner per produsent.

Neste artikkel

Reuters: IARC fjernet tvil i rapport om glyfosat og kreft