Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tilskotsvinnar får hopp på 850.000 kroner

Ein bonde på Hadeland får over 850.000 kroner i auka tilskot om statens tilbod i jordbruksoppgjeret blir ståande. – Ikkje berekraftig, seier bondetoppar.

Tilskotshopp: Jens-Petter Gamkinn ligg an til å få kraftig vekst i tilskota. 
Arkivfoto: Iver Gamme, Norsk Landbruk

Bonden Jens-Petter Gamkinn frå Gran på Hadeland i Oppland kan bli ein av dei aller største vinnarane i årets jordbruksoppgjer. Basert på statens tilbod vil bonden få minst 850.000 kroner i tilskotsvekst neste år om dyretalet og arealet held seg stabilt. Det viser utrekningar basert på bondens tilskotssøknad i fjor. Sjølv vil han nødig kommentere utslaget for hans drift.

Jordbruksoppgjeret

Tilbod om 150 mill. kr (10.700 pr årsverk), inkl. 250 mill. i tilskotskutt.

Krav på 1,5 mrd. kr (35.000 pr årsverk), inkl. 965 mill. auka tilskot.

Regjeringa ville by 100 mill. 
ekstra for å få ein avtale, men skal ha vist liten vilje til å endre fordelinga. 13. mai braut bøndene forhandlinga.

Statens opphavlege tilbod blir nå truleg sendt Stortinget for avgjerd.

– Eg vil ikkje kommentere det. Vi får sjå kva som blir resultatet, seier Gamkinn, som helst ikkje ønskjer omtale i avisa.

– Frislepp gir ekstremutslag

Gamkinn driv med mjølk og storfe i stor skala. Gjennom føretaka Gamkinn Landbruk og Gamkinn Mjølk søkte han i august i fjor om tilskot til 93 mjølkekyr og 58 ammekyr, ifølgje Statens landbruksforvaltning (SLF). I tillegg har han ifølgje søknaden 995 andre storfe, vel 1300 mål jord og godt over 200 mål beite.

Statens tilbod vil gi han minst 850.000 kroner i tilskotsauke. Særleg fjerninga av tilskotstaket for storfe gir kraftig hopp.

– I dag er det ei grense på 250 storfe. Du får ikkje meir i tilskot sjølv om du har fleire dyr. Regjeringa vil fjerne grensa. Eit slikt frislepp gir ekstreme utslag. Her gir det åleine nær 600.000 kroner i auke, seier assisterande generalsekretær John Petter Løvstad i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Det er Småbrukarlaget som har rekna på utslaga for Gamkinn. Løvstad er sterkt kritisk.

– Det er ein politikk Stortinget aldri har vedteke. Her prøver regjeringa å endre politikken gjennom eit enkeltoppgjer. Det kan Stortinget ikkje godta, seier han.

– Kvifor er de imot endringa?

«Over tid vil kutta til drift i marginale 
område akselerere og nedleggingane skyte fart.»

Annonse

– Når nokre få store får auke, må andre få kutt. Over tid vil kutta til drift i marginale område akselerere. Når regjeringa òg vil redusere totalpotten, så vil nedleggingane skyte fart. Budsjettstøtta skal brukast til å nå politiske mål, men her blir pengane brukt til å fremje store bruk basert på innleigd arbeidshjelp. Bonden gjer ikkje noko ulovleg, men strukturen er svært uheldig. Vi får eit dekk- og dieseljordbruk basert på lang transport. Det er ikkje miljøvenleg, seier han.

– Ikkje berekraftig

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) eller andre i departementet hadde i går ikkje høve til å kommentere saka.

Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag seier saka viser utfordringane.

– Nokre få blir prioritert på bekostning av det store fleirtalet. Saka synleggjer profilen regjeringa legg opp til. Den er uakseptabel for oss. Etter mitt syn blir heiltidsbonden definert ut, strukturen er ikkje berekraftig og vil over tid endre den norske matproduksjonen, seier han.

– Kva er ikkje berekraftig?

– Budsjettpengane skal kompensere for driftsulemper. Då kan ein ikkje bruke dei på dei store, store dyretala. Retninga går i meir industrielt prega produksjon, som vi veit er veldig krevjande for dyrevelferd, medisinbruk og bruk av ressursane. Dei store samanhengande areala er i kornområda. Resultatet kan bli at korndyrkinga blir fortrengt på bekostning av bruk av gras i distrikta, noko som gjer at vi må importere meir, seier han.

Neste artikkel

Bøndene står ikke med lua i handa