Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tidlegare slått meir klimavennleg

Å koma tidlegare i gang med slåtten kan vera med på å gjera norsk landbruk meir klimasmart, viser undersøkingar.

Førsteslått i Time kommune på Jæren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Tidleg haustetid på fôr kan redusera metangassutsleppet frå kua med opp til 20 prosent samanlikna med fôr som blir hausta seinare på hausten, seier professor Odd Magne Harstad ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i ei pressemelding.

Grunnen er at graset då inneheld mindre fiber enn om det blir hausta seint. Dette er eit springande punkt når det gjeld kufôr. Fiberet i fôret blir nemleg omdanna til metan i magen til kua. Denne farlege klimagassen slepper dei etter kvart ut i lufta når dei pustar, raper eller prompar. Det er dette utsleppet som kan reduserast med opp til 20 prosent ved å koma i gang med slåtten tidlegare.

Spesialrådgjevar i Tine Kim Viggo Weiby peikar dessutan på at tidleg hausta gras også er meir næringsrikt og gjev meir mjølk, noko som løner seg for bøndene. Sjølv om tidlegare slått fører til at bøndene må slå fleire gonger, er klimagevinsten likevel større enn ved å venta med slåtten.

Ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) står landbruket for rundt åtte prosent av klimautsleppa i Noreg. Dette er likevel 5 prosent mindre enn i 1990.

Annonse

Eit eige tiltak som eit samla landbruk står bak prøver no å løfta fram forslag og idear til korleis landbruket kan bli meir klimasmart. Tiltaket har fått namnet Klimasmart Landbruk.

– Som alt anna i landbruket er ikkje tidleg slått ein quickfix på klimaproblemet, men det er eitt av mange forslag som vi ønskjer å få på bordet og som bøndene kan prøva å få til – viss vêrgudane tillét det, seier kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Sæther i Klimasmart Landbruk til Nynorsk pressekontor.

Neste artikkel

– Slutt å drømme om traktor på lastebil