Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svak inntektsvekst for bønder i fjor

Inntektsveksten for bøndene var i fjor langt mindre enn for andre grupper viser tala frå driftsgranskingane til Nibio.

Utflating: Inntektsveksten i jordbruket bremsa kraftig opp i fjor var på 6000 kroner per årsverk. Det er ein auke på 1,8 prosent frå året før. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) la torsdag fram rekneskapstal for 2016 frå 920 gardsbruk, dei såkalla driftsgranskingane.

Driftsgranskingane 2016

Rekneskapstal for 920 gardsbruk frå heile landet. Bruka har ein snittstorleik på rundt 370 mål jord.

Vederlaget for arbeid og eigenkapital på 332.800 kr pr. årsverk, opp 6000 kr (+1,8%).

Driftsoverskotet per bruk på 446.300 kr, opp 800 kr (+0,2%).

Nettoinvesteringane var på 150.700 kr i 2016, mot 127.800 kr i 2015. Samla gjeld på 3,3 mill. kr, opp 197.400 kr (+6,3%).

Dei viser at inntektsveksten i jordbruket har bremsa kraftig opp og i fjor var langt mindre enn for andre grupper i samfunnet.

6000 kroner meir per årsverk

Medan inntektsveksten i 2015 var på solide 37.500 kroner per årsverk etter gode avlingar og gunstige marknadsforhold, viser tala at inntektsauken i fjor berre var på 6000 kroner per årsverk.

I gjennomsnitt kom bøndene ut med eit vederlag for alt arbeid og eigenkapital på 332.800 kroner per årsverk i 2016, noko som gir ein inntektsvekst på 1,8 prosent.

Målt som driftsoverskot per gardsbruk i jordbruket var veksten i fjor endå mindre. Driftsoverskotet per bruk auka berre med 800 kroner. Det utgjer ein vekst på under 0,2 prosent frå året før.

Les også: Ap og Sp refsar regjeringa for kutt i inntekta til små bruk og meir til stordrift

Sakkar akterut

Veksten i skattekorrigert vederlag, som Stortinget har bestemt skal brukast til å samanlikne inntekta til bøndene med andre grupper i samfunnet, var på 2800 kroner per årsverk. Det er ein auke på under 0,8 prosent frå året før.

For andre grupper i samfunnet var inntektsveksten på 8800 kroner, opp 1,7 prosent, ifølgje tal frå Teknisk Beregningsutvalg (TBU).

Stor kostnadsvekst

Veksten i produksjonsinntekter var på fire prosent, skriv Nibio i pressemeldinga. Veksten kjem som følgje av auka prisar, i tillegg til volum- og tilskotsauke.

Kostnadene til bøndene auka derimot med fem prosent.

– Kostnader til kraftfôr og gjødsel auka med høvesvis to og fire prosent, noko som bidrar mykje til den samla kostnadsauken, skriv Nibio i pressemeldinga.

Les også: Tvilar på redusert prisvekst for kraftfôr

Kostnadene til leasing og teknisk utstyr auka også mykje det siste året.

Investeringar og gjeld aukar

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå 127.800 kroner i 2015 til 150.700 kroner i 2016. Det er ein auke på 18 prosent.

Annonse

Lånegjelda til bøndene aukar også kraftig. I gjennomsnitt auka lånegjelda ber bruk med nær 200.000 kroner i fjor. Det er ein vekst på 6,3 prosent.

Les også: Varslar stor gjeldsauke ved frislepp av jordpris

I gjennomsnitt hadde kvart bruk ei lånegjeld på litt over 3,3 millionar kroner viser rekneskapstala for 2016.

Svikt for sauer og korn

Det er store forskjellar i inntektsutvikling mellom ulike produksjonar i jordbruket.

Veksten var god for bruk med mjølk og svin, som auka inntektene med 35.000 kroner, og for bruk med frukt og bær, som auka inntektene med heile 81.400 kroner (+32 prosent).

I motset ende av skalaen var bønder med sauer og korn. Kornbruka fekk 106.600 kroner mindre i vederlag per årsverk i fjor enn året før. Det er ein nedgang på rundt 29 prosent, ifølgje Nibio.

Les også: 40 prosent mindre hvete i år enn i fjor

Sauebøndene, som i lengre tid har slite med overskot av kjøtt og fallande kjøttprisar, fekk ein inntektsnedgang på 19.700 kroner per årsverk. Det er ein inntektsnedgang på ti prosent frå året før.

Stort sprik i inntektsnivå

Sauebøndene er også gruppa som kjem ut med desidert lågast vederlag per årsverk i jordbruket.

I gjennomsnitt fekk sauebøndene ei inntekt på 181.900 kroner per årsverk i fjor. Det er nær halvparten av gjennomsnittet i jordbruket.

Les også: God avling gav snittinntekt på 177 kroner timen i jordbruket

Bruk med ammekyr og korn kjem også ut med lågt inntektsnivå på rundt 250.000 kroner.

Høgast gjennomsnittsinntekt var det i gruppa med korn og svin, som har vel 511.000 kroner i inntekt, og mjølk og svin, der inntekta i snitt var på 436.000 kroner.

Neste artikkel

Matmotstanderen Mattilsynet