Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stortinget stoppar nedlegging av Opplysningskontora

KrF går saman med dei raudgrøne partia i eit vedtak om å sikre finansieringa av Opplysningkontora medan utgreiinga om verkemiddelbruken pågår.

Fleirtal: Stortingsfleirtalet, her med Aps Terje Lien Aasland (i midten) og Sps Geir Pollestad (t.h.) i spissen, stoppar regjeringas planar om å fjerne finansieringa av Opplysningskontora. Her frå ein demonstrasjon for to veker sidan. Til venstre: Sigbjørn Fjærvoll i Jordvern Vestfold. Foto: Mariann Tvete

Opplysningskontora

Opplysningskontora jobbar med marknadsføring og opplysningsverksemd på vegner av alle aktørane i jordbruket.

Tre av kontora, som jobbar med egg, kjøtt, mjølk, brød og korn, får finansiering av omsetningsavgift betalt av bøndene. Samla vel 100 mill. kr pr. år. Opplysningskontoret for frukt og grønt får 18,9 mill. kr over jordbruksavtalen.

Regjeringa går inn for å avvikle finansieringa gjennom omsetningsavgift.

Det er over 30 tilsette i dei fire opplysningskontora totalt.

Onsdag la næringskomiteen på Stortinget fram innstillinga om statsbudsjettet.

Sikrar vidare drift

Der går Sp, Ap, SV og KrF saman om ein merknad som inntil vidare sikrar vidareføring av Opplysningskontora.

Les også: Slik kan KrF og dei raudgrøne endre landbruket

Det skjer stikk i strid med regjeringas ønske om å avvikle finansieringa av kontora.

Les også: Bransjen håper Dale snur om opplysningskontora

Annonse

I merknaden heiter det at «Stortinget ber regjeringen sikre opplysningsvirksomheten og finansieringen av denne frem til Omsetningsrådet har foretatt den varslede gjennomgangen av virkemiddelbruken».

Legg band på regjeringa

Stortingsfleirtalet legg også føringar som hindrar regjeringa i å gjere endringar i verkemidla for marknadsbalansering om endringane ikkje er i tråd med råda frå Omsetningsrådet.

«Stortinget ber om at endringer i virkemidlene for markedsbalansering som ikke er i tråd med omsetningsrådets anbefalinger, legges frem for Stortinget», heiter det.

Neste artikkel

Regjeringen setter rekord i skogvern