Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stort behov for fleire hundar som kan finne sauekadaver

Strengare krav til dokumentasjon for å få rovdyrerstatning har ført til auka etterspurnad etter hundar som er spesialtrente til å finna kadaver. -Vi burde sikkert hatt minst 100 fleire, seier fagansvarleg i Norske kadaverhunder.

Auka etterspurnad etter godkjende kadaverhundar gjer at foreininga Norske kadaverhunder no aukar opplæringa av slike spesialhundar. Foto: Magnus Hovland Hansen / Norske kadaverhunder

Foreininga Norske kadaverhunder har i dag 192 godkjende kadaverhund-ekvipasjar rundt om i landet.

– Fylke med flest rovdyr har flest slike hundar, men vi får no fleire og fleire førespurnader også frå andre delar av landet, seier fagansvarleg i Norske Kadaverhunder Jonny Mathiesen til Nynorsk pressekontor.

– Førespurnadane kjem både frå miljøavdelinga i fylket som arbeider med rovdyr og erstatning, frå beitelag og beitebrukarane sjølve.

Dokumentasjonskrav

Mathiesen trur den auka etterspurnaden heng saman med dokumentasjonskravet staten set for å få erstatning.

– Då må ein finna kadaver med dokumenterte tilfelle av rovdyrangrep. Viss ein til dømes misser tretti lam og ikkje finn nokon ting, får ein redusert erstatning om hausten, forklarer han.

• Les også: Vil snu bevisbyrden i rovdyrsaker

Det er her dei såkalla kadaverhundane kjem inn. Desse hundane er spesialtrente til å finna døde dyr.

Sidan dokumentasjonskrava har blitt strengare og strengare, aukar behovet for slike hundar, forklarer Mathiesen.

Gode resultat

Ei undersøking Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjorde saman med Norske kadaverhunder under beitesesongen i fjor, viser at søk etter kadaver med spesialtrente hundar var meir effektivt enn søk utan bruk av hund.

• Les også: 21 sauer trolig tatt av ulv i Østfold

Ikkje minst var hundane heilt overlegne når det gjaldt å finna nedgravne/gøymde kadaver, går det fram av rapporten.

Aukar opplæringa

Annonse

For å dekkja etterspurnaden etter kadaverhundar må Norske kadaverhunder læra opp fleire hundar og hundeeigarar.

– Vi ligg no på ein knivsegg når det gjeld kva vi maktar og må auka opplæringa, seier Mathiesen. Han synest det er vanskeleg å talfesta kor stort behovet for kadaverhundar er, men seier:

– Vi kunne nok hatt 100 fleire enn vi har i dag på landsbasis.

• Les også: Lamming med blanda følelser

Det ikkje er krav om å bruka spesielle typar hundar. Mathiesen seier dei brukar alle slags hundar i jakta på å finna beitedyr som er tekne av rovdyr.

Større behov i Sogn og Fjordane

Medan nokre stader har nok slike hundar, er det for få andre stader. For å bøta på dette arrangerer Norske kadaverhundar kurs og opplæringsprøvar i heile sommar.

– No er det til dømes veldig stort behov i Oppland på grunn av rovdyrsituasjonen der, medan det er roleg i Hordaland. Behovet aukar også i Sogn og Fjordane som får auka trykk frå Oppland og Møre og Romsdal.

Ifylgje Mathiesen er det jerven som er den største rovdyrutfordringa i Noreg.

– Deretter kjem ulv, bjørn og gaupe nokså jamt bak avhengig av kvar i landet det er.

I dag har Norske kadaverhunder ekvipasjar i Agder, Akershus, Finnmark, Hedmark, Møre og Romsdal, Nordland, Oppland, Sør-Trøndelag og Troms. Men Mathiesen trur etter kvart at det vil bli behov for kadaverhundar nesten alle stader i landet.

Neste artikkel

Trur meir aggressiv gris kan gi meir skadar