Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal forska på ny teknologi i landbruket

Korleis kan digitalisering, robotar, dronar og annan teknologi vera med på å utvikla små og store bruk her i landet? Dette skal norske forskarar no sjå nærmare på.

Eit nytt forskingsprosjekt skal no sjå nærmare på korleis ny teknologi kan hjelpa bøndene. Foto:

Ruralis, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, har fått 4,8 millionar kroner til prosjektet.

– Dette handlar om meir enn reiskapar til å henga på traktoren, skriv seniorforskar Jostein Vik på nettsidene til Ruralis.

Han forklarer at det å få kunnskap om korleis bøndene kan dra nytte av den teknologiske utviklinga på best mogleg måte er ein sentral del av problemstillinga.

Annonse

Det kan til dømes dreia seg om robot- og droneteknologi, digitalisering, sensorteknologi, elektrifisering, presisjonsjordbruk og så vidare, heiter det vidare.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, Felleskjøpet Agri, Norsk landbrukssamvirke, Mære landbruksskule, NTNU–Institutt for tverrfaglege kulturstudium og Landbruks21 Trøndelag.

Neste artikkel

Felleskjøpet ventar med grovfôr-import