Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Set ned tollen på grasfrø

Landbruksdirektoratet set ned tollen for raigrasfrø til jordbruksformål frå 13. juli.

Tollkutt: Fôrmangelen etter tørken i sommar gjer at tollen på import av raigrasfrø blir kutta. Foto: Mariann Tvete

Det er fôrmangelen etter tørken i vår og sommar som gjer at Landbruksdirektoratet endrar tollsatsen på import av raigrasfrø. Den lågare tollen gjeld frå 13. juli til og med 31. juli.

Raigras er den mest brukte grasarten i Europa. Til Noreg blir det årleg importert 400–500 tonn fleirårig raigras. 100–150 tonn av dette blir brukt i plenfrøblandingar, medan resten går til fôrproduksjon, fortel dyrkingsrettleiaren til Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Annonse

– Det var også behov for å reparere ein del enger med raigras etter dei vanskelege innhaustingsforholda i fjor, opplyser Landbruksdirektoratet.

Kornareal som blir slått som grønfôr, kan såast med raigras for å få ei hausting seint i september.

Neste artikkel

Biolog: – Om tørken fortsetter blir det katastrofalt for soppsesongen