Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rundballar forduftar på Austlandet

Husdyrfôr er mangelvare etter tørkesommaren, og fleire stader på Austlandet forsvinn no mange rundballar på uforklarleg vis, fortel forsikringsselskapet Landbruksforsikring.

Rundballetjuveria er både organiserte og planlagde, meiner Landbruksforsikring. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

– Fleire bønder har tatt kontakt og fortalt at det har forsvunne rundballar, til dels òg i ganske store kvanta. Dette er noko heilt nytt, og vi må nok sjå det samanheng med avlingssvikten, seier rådgivar Håvard Sundt i Landbruksforsikring.

Bøndene har meldt frå om tap på ti rundballar og meir, noko som svarer til fleire tonn med høy. Det tyder på at rundballetjuveria er både organiserte og planlagde, meiner Sundt.

Annonse

– I eitt av tilfella som er rapportert inn til oss, har framandfolk til og med vore inne på eit jorde, slått graset sjølv og tatt det med seg, seier Sundt.

I fleire av sakene er det økonomiske tapet mindre enn eigendelen på 10.000 kroner, men med fôrmangel kan bonden likevel bli hardt ramma, understrekar Sundt.

Husdyrnæringa, fôrbransjen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har no saman laga ein rettleiar for dei som må kjøpe importert grovfôr på grunn av tørken i sommar. Der tilrår dei mellom anna å kjøpe fôr frå Sverige, Finland og Island, fortrinnsvis fôr som er produsert utan bruk av husdyrgjødsel dei siste to åra.

Neste artikkel

Sp vil velte regionreformen med hjelp fra KrF og Frp