Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordlåg radioaktivitet hos sau i fjor

Erstatningsutbetalingane for husdyr som har fått i seg mykje radioaktivt nedfall på utmarksbeite, var i fjor dei lågaste sidan Tsjernobyl-ulykka i 1986.

For første gongen på ti år var det ingen dyreeigarar i Sogn og Fjordane, Buskerud og Hedmark som måtte sende sauene sine på nedfôring. Foto: Reinhold Kager

For første gongen på ti år var det ingen dyreeigarar i Sogn og Fjordane, Buskerud og Hedmark som måtte sende sauene sine på nedfôring.

Årsaka er den dårlege soppsesongen i fjellet i store delar av landet i fjor. Soppen tar opp mykje radioaktivitet og påverkar dermed radioaktiviteten i dyra. Dei overvaka besetningane hadde låge konsentrasjonar av radioaktivt cesium.

Av 1.748 kontrollerte dyr i seks fylke vart totalt 914 sau i tre fylke sende på nedfôring. I 2014 var talet til samanlikning 15.000 og utbetalingane på nesten 2,8 millionar kroner. Erstatningane går til nedfôring av sauen, noko som skal bidra til å få radioaktiviteten i kjøttet ned under dei gjeldande grenseverdiane.

Annonse

Landbruksdirektoratet utbetalte om lag 300.000 kroner i erstatning, og 2015 vart dermed det første året etter Tsjernobyl der kontrollen har kosta meir enn erstatningane. (©NPK)

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997