Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ras av konkurs ventar i dansk landbruk

Fleire hundre danske gardsbruk er så hardt ramma av tørkesommaren at dei neppe kjem til å overleve, trur det danske Landbrugets videns- og innovationscenter Seges.

Mange gardsbruk i Danmark står i fare for å gå konkurs. Illustrasjonsfoto: Landcenteret, Planteproduktion, Nationen

Mellom 200 og 300 av i alt rundt 9.500 landbruksbedrifter i Danmark står i faresona for å bukke under, mens like mange kjem i ein økonomisk sårbar situasjon, anslår Seges.

Annonse

Landbruksøkonomane karakteriserer situasjonen som ei tusenårskrise, ifølgje avisa Jyllands-Posten.

I Noreg vert talet på konkursar i jordbruket i fjor det største på minst ti år. Samla vart det registrert 49 konkursar eller tvangsoppløysingar i jordbruket, har Nationen tidlegare skrive.

I Danmark som i Noreg er det særleg husdyrprodusentane som slit på grunn av tørken. Der som i mange andre land i Europa har fôrhausten svikta.

©NPK/Nationen

Neste artikkel

Sjefen norskeigd svinefarm i Russland: – Svinepest er det verste som kan skje