Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Professor: – Attåtnæringar styrkjer landbruket

Eit stort innslag av attåtnæringar i det trønderske landbruket er gunstig for bøndene, sjølv om fulltidsbøndene blir færre, meiner seniorforskar Jostein Vik i forskingsinstituttet Ruralis.

Lokalmatproduksjon og andre attåtnæringar gjer landbruket meir robust, ifølgje professor. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Trendundersøkinga for landbruket for 2016 viser at 64 prosent av bøndene i Trøndelag driv med ulike attåtnæringar, slik som utleige av jakt- og fiskerettar, leigekøyring og sal av ved.

– Her er det ulike meiningar, men eg meiner berekrafta til norsk landbruk aukar av å ha fleire bein å stå på. Det gjer landbruket meir robust økonomisk, politisk og sosialt, seier Vik på nettsidene til Ruralis, tidlegare Norsk senter for bygdeforskning.

Bonden subsidierer på denne måten til ein viss grad eiga gardsdrift, blir meir motstandsdyktig mot politiske endringar og får eit større kontaktnett, meiner Vik.

«Eg meiner berekrafta til norsk landbruk aukar av å ha fleire bein å stå på»

Jostein Vik, seniorforskar i forskingsinstituttet Ruralis
Annonse

Ei stadig viktigare attåtnæring i det norske landbruket er lokalmatproduksjon, og der ser bøndene organiserte fellesskap som viktige, til dømes samarbeid om marknadsføring og sal av gardsmat, viser Trendundersøkinga.

– Ein bør jobbe med å styrkje desse kanalane gjennom tiltak som nettverksarbeid og jobbing med marknadsforståing, seier Vik.

Neste artikkel

Vil ta matjorda fra kommunene