Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Optimisme i grønsaksnæringa

Etter ein vêrhard haust ser det no ut til å gå betre for grønsakproduksjonen. Haustinga er i gang dei fleste stadar.

Etter ein våt start på hausten ser det no ut til at potetene kjem i hus dei fleste stadar i landet. Foto: Kari Hamre / NPK

Dette skriv Landbruksdirektoratet i ei pressemelding.

Ein betra vêrsituasjon fleire stadar har gjort det mogleg å komme seg ut på åkrane for å hauste poteter. Det er bra kvalitet på det som blir pakka og sendt ut til butikkane, men det knyter seg framleis spenning til om mengda og kvaliteten blir god nok til å halde heile sesongen.

Sesongen for hausting av lauk er snart slutt. Førebels ser det ut til at lauken held god kvalitet, og at avlingane er gode, opplyser Landbruksdirektoratet i pressemeldinga.

Annonse

I Rogaland er det framleis store utfordringar med regn og våte jorde. Det fører blant anna til problem for gulrøtene, som ser ut til å drukne på jorda. I trøndelagsfylka, der det har vore for varmt til å hauste tidlegare, er sankinga i full gong no.

Neste artikkel

Willie Nelson: – Vi må gjøre alt for å styrke bonden