Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt ulveangrep: Over 20 sauer stadfesta tekne i Ringebu

Fleire titals sauer er tekne av ulv i Samdalsområdet i Ringebu kommune. Folk går no manngard i området.

Skadde: Før helga vart dei første funna av ulveskadar på sau i Samdalsområdet i Ringebu gjort. Foto: Knut Evensen, Fåvang Sau og Geit

– Vi har ikkje full oversikt enno, men det er meldt inn 35 skadde og drepne sauer. Over 20 av dyra er stadfesta drepne, seier Espen Bø i Statens naturoppsyn.

– Dei første dyra vart funne før helga. Sidan då har situasjonen blitt verre og verre, seier Øyvind Myhrsveen, leiar i Fåvang Sau og Geit.

Dei områda det er snakk om ligg utanfor rovdyrsona, og tidlegare i sommar er det teke ut både ein ulv og ein bjørn ikkje så langt unna.

Det er gitt fellingsløyve også på den ulven som no drep sau.

Les også: Dale varsler bedre rutiner ved ulveangrep

– Fleire har sett ulven, men det er ikkje lett å få skoten han, seier Myhrsveen.

Annonse

Han fortel at det er mange menneske ute for å leite etter drepen eller skadd sau.

Ringebu er Austalandets største sauekommune, rundt 20.000 sau blir sleppt på sommarbeite her.

Les også: Helgesen og Dale møter sauebøndene til ulvemøte

Les også: Sauebygda lever i frykt for fleire ulveangrep

Neste artikkel

Furuberg vil ta priskrisa for sau opp med landbruksministeren