Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye møte med staten om krisepakke: - Trur på løysing

Klokka 16 tysdag går bondeorganisasjonane i nye forhandlingsmøte med staten om ei krisepakke til bøndene. Småbrukarlaget trur partane vil bli eininge før helga.

Forhandlar: Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (t.v.), og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, forhandlar med staten om ei krisepakke. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Vi driv på og vi skal i nye møte med staten klokka fire, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, til Nationen tysdag ettermiddag.

Bondeorganisasjonane starta måndag sist veke forhandlingar med staten om ei krisepakke etter tidenes tørkesommar.

Trur på avtale

Furuberg uttrykker håp om at partane vil bli einige i løpet av få dagar.

– Forhandlingane går bra så langt. Vi forhandlar om heile pakka. Eg trur vil skal få til ei løysing denne veka, seier Furuberg til Nationen.

Annonse

Forhandlingane skal ifølgje Furuberg dreie seg om både totalsummen og korleis pengane skal fordelast.

– Trur du de blir einige?

– Det må vi. I ei krise må vi stå samla, seier Furuberg.

– Dialog

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, stadfestar også at partane skal forhandle vidare utover tysdag ettermiddag.

«Dialog mellom partene pågår. Det legges opp til møter vidre utover dagen», skriv han i ei tekstmelding til Nationen.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå statens forhandlingsleiar Leif Forsell tysdag ettermiddag.

Neste artikkel

– Å planlegge for tørke er vanskeligere enn rakettforskning