Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske bønder vil ha danske sprøytereglar

Mattilsynet vurderer å innføre danske reglar for sprøyting med plantevernmiddel nær vatn i Noreg, det vil seie opne for å overskride dei tilrådde avstandsgrensene viss ein bruker såkalla avdriftsreduserande dyser.

Danske reglar gjer rom for å gå nærare vatn når ein nyttar utstyr som reduserer sjansen for at gifta flyr og endar i vatnet. Illustrasjonsfoto: E. Fløistad NIBIO

Frå næringa får Mattilsynet klagar på at reglane avgrensar utnyttinga av mange landbruksareal mykje. Det er også næringa som no ønskjer seg danske reglar, som gir rom for å gå nærare vatn når ein nyttar utstyr som reduserer sjansen for at gifta flyr og endar i vatnet.

• Les og: Frankrike vil forby mye brukt ugressmiddel innen 2022

Avstandsgrensa til vassførande grøfter, bekker, dammar, vatn og elvar står som oftast oppført på etiketten til dei ulike plantevernmidla. Grensene kan variere frå 3 til 30 meter, alt etter eigenskapane til middelet.

Annonse

Mattilsynet konstaterer likevel at avstandskrava ikkje alltid blir følgde, noko som kan ha uheldige følgjer for miljø og helse.

Fram til 15. oktober tar Mattilsynet imot innspel frå næringa på nettsidene sine.

Neste artikkel

Markant økning i antall dyrevelferdssaker