Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Sau og Geit skal kartleggje kor mange som gir seg med sau

Norsk Sau og Geit (NSG) skal kartleggje kor mange sauebønder som reduserer lammekjøtproduksjonen og kor mange bønder som sluttar heilt.

Kartlegging: Norsk Sau og Geit skal kartleggje kor mange bønder som gir seg heilt eller delvis med lammekjøtproduksjon. Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Prognosane syner at det vil vere overproduksjon av lammekjøt også i 2018. Det ein har mindre kunnskap om, er kor mange bønder som gir seg heilt eller delvis med lammekjøtproduksjon og korleis dette påverkar produksjonsvolumet. NSG lanserer no ei spørjegransking på heimesidene sine, der dei håpar å få svar på dette.

– Vi håpar alle norske sauebønder svarar innan tidsfristen 4. februar, seier styreleiar i NSG Kjell Erik Berntsen i ei pressemelding.

Annonse

Målet med undersøkinga er å få best mogleg oversikt over produksjonsvolumet og å kunne vurdere dette opp mot etterspurnaden. Motivet er å raskast mogleg få lammekjøtmarknaden i balanse. Til fordel for både sauebønder og forbrukarar.

Neste artikkel

100 millioner til å sikre frøbanken på Svalbard