Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nesten 1000 bønder søkjer erstatning etter avlingssvikt

Våte jorde på Vestlandet og vinterskadde jorde i Troms hindra mange bønder frå å hauste nok gras i fjor.

Blautt: Nesten 1000 bønder har søkt om erstatning for tapt avling i fjor. Om lag halvparten har søkt på grunn av svikt i grasproduksjonen. Her frå Sola i Rogaland i fjor. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

No har nær 1000 bønder søkt erstatning og utbetalingane vil truleg liggje rundt 45 millionar kroner.

Det syner tal frå Landbruksdirektoratet. Over halvparten av erstatningssøknadane kjem som følgje av svikt i grasproduksjonen.

– Når du må slakte ned dyr fordi at du skal spare på fôret til mjølkekua, og samtidig kjøpe inn fôr og auke kraftfôrandelen, så blir dyrt, seier Bibbi Thorbjørnsen, som er rådgivar ved Landbrukskontoret i Sandnes kommune til NRK.

Annonse

Halvparten av dei innmelde sakene er ferdig behandla. Mange bønder veit framleis ikkje om dei får erstatning eller ikkje.

Neste artikkel

Gården er en suveren arena for læring og omsorg – bruk den!