Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Erna Solberg meiner opposisjonen undergrev forhandlingsinstituttet

Statsminister Erna Solberg meiner opposisjonen på Stortinget undergrev forhandlingsinstituttet. Årsaka er at dei vil gi bøndene som braut forhandlingane meir enn det som var statens tilbod.

Likar ikkje: Erna Solbergs regjering er den første i historia som ligg an til å bli overstyrt av opposisjonen i jordbruksoppgjeret. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det har vore litt av justisen i dette forhandlingssystemet, at bøndene har visst at dei ikkje kan får meir i Stortinget om forhandlingane mellom partane ikkje gir eit resultat, seier Solberg til Klassekampen.

Årets situasjon i jordbruksforhandlingane er unik, i og med at det kan bli det første nokosinne som blir avslutta utan regjeringa som part.

Les også: – No kviler ansvaret på dei partia som vil behandle oppgjeret i Stortinget

Etter at bøndene braut forhandlingane, har parti etter parti, til slutt heile opposisjonen pluss regjeringas støtteparti Venstre og KrF, meldt at dei ikkje kan godta at statens tilbod til bøndene blir ståande som årets oppgjer.

Klassekampen skriv at det i den raudgrøne delen av opposisjonen blir snakka om at grunnen til at den historiske situasjonen oppstår er at tidlegare mindretalsregjeringar truleg ville gått av om dei var i same situasjonen som dagens regjering.

– Men Frp i regjering har gitt parlamentarismen nye spelereglar, blir det hevda, skriv Klassekampen.

Les også om analytikaren som seier: _ Stort press på KrF og Venstre i forhandlingane om jordbruksmeldinga

Annonse

Avisa spør Solberg om jordbruksoppgjeret er som ei kva som helst anna sak å bli overkøyrt på for ei mindretalsregjering?

– Vi har meint at når alle andre grupper har vist moderasjon, så er det ikkje tida nå for å gjere store løft for enkeltgrupper, seier Solberg.

– Det er openbart Stortinget ueinig i.

Les også: Demonstrerande bønder skapte liv og røre i byen

Klassekampen har stilt same spørsmålet til Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Han svara at han meinte det er alvorleg.

– Det som skjer no er alvorleg. Samstundes er det ikkje overraskande med ein landbruksminister frå Frp, seier Støre til Klassekampen.

Neste artikkel

Byr under halv pris for kjent vikinggård