Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Medlemsvekst og solid overskot for Bondelaget

Medlemsvekst sørger for det høgaste medlemstalet i Norges Bondelag på 20 år. Resultatet før skatt blei på 13,6 millionar kroner.

Vekst: Generalsekretær Per Skorge (t.v.) er nøgd med at medlemstalet er det største på 20 år. Vidare frå venstre: varaordførar Kjerstin G. Lundgård, ordførar Arne Magnus Aasen og styresekretær Åse Berit Valle. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

På Bondetinget kunne generalsekretær Per Skorge melde at Norges Bondelag fått ein nettoauke på 850 medlemer det siste året.

Ved årsskiftet var det 63.090 medlemer i organisasjonen og medlemstalet har auka år for år siste tida.

– Vi må 20 år tilbake for å finne same medlemstal. Per dato er vi 350 medlemer over fjoråret, seier Skorge som meinte det var grunn til å glede seg over utviklinga.

Økonomisjef Leif Egil Slåtten la fram rekneskapen til Bondelaget. Driftsresultatet for konsernet, som inkluderer fleire selskap og eigedomsdrifta, enda i pluss med 9,7 millionar kroner. Det er ned frå 24 millionar kroner i pluss året før.

Annonse

– 2016 var det vi kan kalle eit økonomisk normalår, sa Slåtten.

Resultatet før skatt blei på 13,6 millionar kroner i 2016.

Av dei totale driftsinntektene til konsernet på 220 millionar kroner var 126 millionar kroner kontingent frå medlemene.

Neste artikkel

Rekordvarme på Østlandet gir tidlig honningsesong