Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lysare framtid for truga kurasar

Framtida har lenge sett mørk ut for mange gamle kurasar her i landet, men no er situasjonen i ferd med å endra seg.

Austlandsk raudkolle er blant dei truga norske kurasane. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Både bønder og forbrukarar er no meir interesserte i dei gamle norske kurasane, fortel Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

– Det er svært positivt med den generelle framgangen til dei truga storferasane i Noreg, seier Nina Sæther som er leiar for Norsk genressurssenter i NIBIO.

Ho legg likevel til det varierer mykje kor mykje kvar rase aukar. Austnorsk raudkolle står for den største auken i talet på avlskyr. På fem år har talet auka frå 129 til 356. Det vil seia ein auke på 176 prosent frå 2011 til 2016.

Utviklinga har også vore positiv for telemarksfe. Frå å vera kritisk truga med mindre enn 300 avlskyr er både telemarksfe og austnorsk raudkolle no over den kritiske grensa.

Annonse

Det er derimot ikkje vestlandsk raudkolle som er den minste av dei truga kurasane med berre 153 avlskyr. Talet uroar leiaren for Genressurssenteret.

– Eg er bekymra for akkurat denne rasen. Sjølv om vi registrerte ein auka på 14 avlskyr frå 2015 til 2016, er 153 framleis eit lågt tal, seier ho.

Vestlandsk raudkolle er den einaste av dei bevaringsverdige storferasane med færre enn 200 avlskyr. Til saman finst det seks bevaringsverdige kurasar her i landet. Dei er Telemarksfe, sida trønderfe og nordlandsfe, vestlandsk fjordfe, austlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og dølafe.

Neste artikkel

Kari Gåsvatn: Nedkjølt klode uten mat