Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Litt færre kongeørn-ungar

For andre året på rad er det registrert litt færre kongeørn-ungar her i landet.

Talet på vellykka hekkingar for kongeørna har dei siste to åra gått litt ned her i landet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Til saman er det i år registrert 43 vellykka kongeørn-hekkingar, mot 46 i fjor, opplyser Rovdata. Talet på ørnungar eldre enn 50 døgn har gått ned frå 54 til 47 ungar.

Resultatet byggjer på målingar Rovdata gjer i dei 12 intensivområda som er valt ut for å overvaka bestanden av kongeørn.

I to av områda, på Fauske og Finnmarksvidda, blir det gjort DNA-analysar av fjør og blodprøvar for å følgja med på overlevinga hos vaksne kongeørner. I dei to områda blei det i år registrert 31 vaksne kongeørner. Det er fire fleire enn i fjor.

Annonse

I perioden 2010–2014 rekna Rovdata med at 963 kongeørnpar hekka i Noreg.

Neste artikkel

Trusselen fra kugalskap