Kvart 3. gardsbruk i Norge i dag er borte om 20 år, viser utrekningar Nationen har fått utført.
Om dagens nedgang held fram vil kvar tredje bonde vere borte i 2030 og det vil vere under 30.000 jordbruksbedrifter att, viser Nilfs utrekning.
Arbeidsinnsatsen i landbruket gå ned med 22.000 årsverk. Landbruksministar Lars Peder Brekk merkar seg tala, men han vil ikkje gå inn i ein diskusjon om kor mange bønder som trengst for å oppfylle alle måla han og regjeringa vil stille til landbruket.
? Du får ikkje meg til å setje ei nedre smertegrense når det gjeld bondetalet. Det einaste vi veit er at landbruket vil endre seg også framover, og vi må ikkje stille oss slik at vi ikkje har rom for å ta i bruk ny teknologi, seier Brekk.
? Meiner du at det er ein illusjon å tru at ein kan stoppe avgangen?
? Ja. Eller å tru ein kan stoppe endringa, som eg vel å kalle det. Det er som å tru på julenissen.
? Er dagens avviklingstakt til å leve med når måla framleis skal vere eit landbruk i heile landet og å ta vare på kulturlandskapet?
? Det er ikkje til å leggje skjul på at produksjonsmiljøa begynner å bli tynne i delar av landet. Vi er derfor glade for at nedleggingstakten er redusert dei siste åra, og eg ville bli glad om avgangen kan bremse endå meir opp. Det nyttar likevel ikkje isolere oss frå omverda og setje ei glasklokke over dagens landbruk. Gardsbruka vil bli større i framtida og vi vil sjå endringar mellom regionar, men endringane kan også føre med seg noko godt, seier Brekk.
Vil auke med 20 prosent
Brekk meiner målet må bli å auke matproduksjonen minst i same tempo som folketalsveksten, og han vil ta ein diskusjon om sjølvforsyningsgraden bør aukast.
Fristen for å kome med innspel til stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken for dei komande ti til tjue åra går ut neste veke.
Nationen har også føretatt ei rundspørjing av sentrale aktørar i landbruket og profilerte debattantar innan sektoren. Her får du svar på spørsmålet ?Kva er det viktigste grepet regjeringen kan ta for å sikre framtidas landbruk, viss vi ser bort frå inntektsløft?? frå folk som bondelagsleiar Nils T. Bjørke, redaktør Trygve Hegnar, bygdeforskar Reidar Almås, småbrukarlagsleiar Ole-Anton Teigen og mange fleire.
Landbruksministeren har reist land og strand for å ta temperaturen på næringa og samle inntrykk.
? Min ambisjon er ein sjølvforsyningsgrad minst på dagens nivå, noko som betyr ein auke i matproduksjonen på rundt tjue prosent dei neste tjue åra. I tillegg meiner eg vi må ta ein diskusjon om vi bør ha ei sikrare matforsyning enn vi har i dag. Spørsmålet er om vi er godt nok rusta til å møte ei krise. Askeskyer og klimakrise er gode argument for å auke sjølvforsyningsgraden, seier Brekk, som føler det internasjonale klimaet for å sikre den nasjonale matproduksjonen er svært godt for tida.
? Alle snakkar om korleis vi skal takle ei matvarekrise. Til og med liberalistane. Og svaret er auka matproduksjon, seier Brekk.
Inntektsutvikling i det blå
Brekk snakkar varmt om bonden som sjølvstendig næringsdrivande, noko han meiner vil stå stadig meir sentralt framover. Og at ansvar og retter må stå i stil til den rolla. Samtidig vektlegg han at landbrukspolitikken ikkje kan løyse alle oppgåver for landbruksnæringa, og ein del saker meiner han næringa må ordne opp i sjølv.
For å kunne auke matproduksjonen blir betre bruk av gras- og beiteressursane sentrale, meiner Brekk.
Inntektsutvikling i landbruket vil påverke i kor stor grad kostnadskrevjande beitebruk lar seg realisere, og dermed også i kor stor grad auken i matproduksjonen og sjølvforsyningsgraden let seg gjennomføre. Det er likevel uklart om regjeringa vil kome med nye signal om inntektsutviklinga i landbruksmeldinga.
? Vil de tette inntektsgapet til andre yrke for å kunne auke matproduksjonen og sjølvforsyningsgraden?
? Når matproduksjonen aukar i volum, vil det også gi landbruksnæringa sjanse til å ta inn auka inntekter frå marknaden. Så i den forstand vil inntektene auke. Når det gjeld tetting av gapet, så er det eit litt vanskelegare spørsmål. Inntektsomgrepet i landbruket er eigna til å seie noko om utviklinga i inntekt over tid, men det er lite eigna til å samanlikne næringa med andre grupper. For Senterpartiet sin del har vi ein ambisjon om å tette inntektsgapet, men kva som kjem i meldinga må opp til diskusjon først, seier Brekk.
Etter seks regionale møter der 900 personar har møtt opp, og samtalar med rundt 80 organisasjonar og institusjonar, meiner Brekk han har fått eit godt innblikk i dagens situasjon i landbruket. Gardsbesøka har det derimot blitt få av.
? Regionale forskjellar
? Vi var på ein gard i Alta nyleg, så litt har det vore. Men vi meiner vi har fått eit godt inntrykk av stoda gjennom møta og dels svært frittalande Fylkesmenn, seier Brekk.
Det som har overraska han mest er sterke signal om regionale motsetningar og ditto behov for regionale løysingar.
Han meiner tilstanden til næringa er «veldig god» i sentrale landbruksområde, medan situasjonen er «særs utfordrande» andre delar av landet.
? Korleis ser landbruket ut om 20 år?
? Eg er overbevist om at vi framleis har eit variert jordbruk. Vi har fleire større bruk, men framleis ein del mindre. Og så er det større innslag av nye næringar som reiseliv, grøn omsorg og slikt, seier Brekk.












