Skjerpa kornkvalitet kan skape millionverdiar og gi betre dyrevelferd, meiner husdyrbøndene.
Kommentar Vi har måttet bidra og bli enige. Dugnad er øvelse i tillit og demokrati.
Nye innlegg | ||
| Publisert 28.01.2010 kl 20:02 Oppdatert 28.01.2010 kl 20:02 |
Ord som «kameratar» og «skjebnefellesskap» vart hyppig referert på konferansen om kornkvalitet ved Arbeidersamfunnets plass i Oslo i går. Behovet for å markere samhald var markert etter ein kornhaust med store muggsopp-problem i kornet og tilhøyrande gifttrøbbel i dyrefôret.
Sjeldan har dei innebygde interessekonfliktane i landbruket ulma som dei siste månadene. Og mange meiner kornkvalitet er eit av dei mest sentrale oppgåvene å gå i gang med i den komande landbruksmeldinga.
– Kornkvalitet er ei av dei mest sentrale utfordringane i heile verdikjeda. Dette vil nok også bli tydeleg i landbruksmeldinga, sa direktør i Norske Felleskjøp, Lars Fredrik Stuve, i innleiinga av kornkonferansen.
Krev strengare krav
I takt med kanaliseringa av produksjonar mellom regionane og auka spesialiserings- og profesjonaliseringsgrad, har konfliktlinjene i landbruket blitt stadig tydelegare. Dei underliggjande interessemotsetningane slo ut i full blomst då forhandlingane om ein kornavtale hausten 2007 enda med full skjering i Felleskjøp-familien.
Les òg: Slår soppgiftalarm for havre
I kjølvatnet følgde ei rettssak om millionerstatning før jul. Nå er det gift (toksin) i kraftfôret som utløyser sterke ord og kjensler. Og nok ein gong er det kornet som er i sentrum.
– Det må stillast langt strengare krav til kvalitet i heile verdikjeda, og ein må i langt større grad bruke pris som stimuli. Det gjer ein i mindre grad for korn enn for husdyr, sa avlssjef i Geno, Sverre Lang Ree, som la fram situasjonen sett med storfebøndenes briller.
Han viste til at godt kraftfôr har blitt stadig viktigare for effektiv drift og god dyrehelse, og at ein prosent forbetring vil gi 60 millionar kroner i gevinst.
Les òg: Vil stoppe sopp-forgifting
– Og det utanom jordbruksoppgjeret, sa han.
Vidare la han fram reknestykke som viste at kvalitetsbetalinga for ein mjølkebonde utgjer 181.000 kroner i forskjell, medan ein grisebonde kan ha 544.000 kroner meir i bruttoinntekt om kvaliteten er topp.
For kornbonden er differansen nede i 141.000 i bruttoinntekt, der forskjellen på matkorn og fôrkorn utgjer brorparten og KSL-trekket er avgrensa til 10.000 kroner.
– Skal vi få til betre fôrkorn må det løne seg å dyrke kvalitet, sa Sverre Lang Ree.
Fryktar kostbare tiltak
Kornbøndene, representert ved Svein Stubberud i kornutvalet til Bondelaget, meinte det blei malt med litt vel brei penn.
– Kvalitet er viktig, men samtidig må vi ikkje gløyme at mesteparten av norsk korn er bra, sa Stubberud.
Han meiner kornbonden er veldig marknadstilpassa og snur seg raskt ved premiering.
– Men vi må ikkje gløyme at kostbare tiltak vil gå ut over innteninga. I dag er 51 prosent av kornet i kraftfôret norsk, og det er ikkje berre husdyrbøndene som slit med økonomien. Det må vi huske på når vi treng meir norsk korn, sa han.
Kristin Ianssen i Norsvin og Jon Trøite i Nord-Trøndelag Bondelag var blant bondetoppane som reiste seg og fronta kravet om sterkare lut og meir prisdifferensiering, medan fleire kornbønder lufta ut frustrasjon over situasjonen.
– Dette minner om blind vold, og vi sit her og aner ikkje korleis det bør handterast, sa ein kornbonde og viste til at svaret på kvaliteten ikkje kjem før mange veker etter levering.
Etter utluftinga under debatten uttrykte også Stubberud at han trur det går mot sterkare prisdifferensiering for kvalitet.
– Vi må erkjenne at vi er avhengige av at kjøparen av vara er nøgd med produktet. Men det må ikkje leggjast på for store kostnader, sa han.
Få nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.
| i dag | i morgen | |||
| Oslo | 5.9° | 3.8° | ||
| Bergen | 5.3° | 3.3° | ||
| Trondheim | 4.3° | 0.9° | ||
| Stavanger | 3.8° | 2.7° | ||
| Lom | 5.5° | -0.6° | ||
| Oppdal | 3.7° | -2.4° | ||
| Røros | 3.3° | -2.9° | ||
| Jølster | 4.2° | -0.7° | ||
| Karmøy | 4.5° | 3.1° | ||
| Bryne | 4.4° | 3.2° | ||
| Gvarv | 8.3° | 4.9° | ||
| Stokke | 3.6° | 3.7° | ||
| Rakkestad | 3.3° | 3.1° | ||
| Fagernes | 5.2° | 0.7° | ||
| Stange | 5.8° | 1.9° | ||
| Snåsa | 2.5° | -0.3° | ||
| Beiarn | -2.3° | -2.1° | ||
| Bardu | -4.0° | -4.0° | ||
| Alta | -5.4° | -5.6° | ||
Siste kommentarer