Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruksdirektør ber bønder slå bratte område for å få nok fôr

Bønder blir oppmoda til å slå alle bratte areal for å få nok fôr til dyra.

Fôrmangel: Alt areal må i bruk, oppfordrar assisterande landbruksdirektør i Sogn og Fjordane. Her frå eit jordbruksområde i Flekkefjord i Vest-Agder. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppmodar bøndene om å slå alle bratte areal for å få nok mat til dyra.

Annonse

– Det er no verre enn det har vore. Vi trudde tørkesituasjonen skulle gå over, at nedbøren ville kome og sikre ein god andreslått. Slik har det ikkje gått. Sola, varmen og vinden har halde fram. No står alt i ro. Alt areal som kan slåast, bør bli slegne i år, seier Haugsvær til Sogn Avis.

Neste artikkel

Set ned fellesnordiske utval etter tørkekrisa