Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lagar NM i honning for første gong

I september blir det noregsmeisterskap i honning for første gong. Arrangør er Honningcentralen, som vonar det kan bli eit årleg tiltak.

Årets birøktar skal kårast under NM i honning. Illustrasjonsfoto: Aleksander Solum / NTB scanpix / NPK

Målsetjinga med meisterskapen er å inspirere til meir bruk av honning og til meir birøkt, skriv tidsskriftet Birøkteren.

Det skal kårast "Årets honning" i tre kategoriar: beste økologiske honning, beste konvensjonelle honning og den beste honningen med tilsetjing. Honningprodusentar frå heile landet blir oppfordra til å sende inn produkta sine som så blir vurderte av ein jury.

I tillegg skal det kårast "Årets birøktar". Vedkommande må vere eit førebilete og ei støtte for andre birøktarar. Honningcentralen ønskjer seg namn på kandidatar og informasjon om kva som særmerkjer desse personane.

• Les også: Honningcentralen Økte resultatet med 220 prosent på ett år

Annonse

Årets honningoppskrift er den tredje konkurransegreina i NM i honning. Alle kan sende inn favorittoppskriftene sine. Føremålet er å vise gode måtar å bruke honning på til kvardag og fest.

Det er ein breitt samansett jury som skal kåre vinnarane. Juryleiar er Arne Hjeltnes. Med seg har han fått vinekspert Merete Bø, kjendiskokk Toralf Bølgen, artist Jørn Hoel, ølkjendis Espen Smith, produktgruppesjef i NorgesGruppen Eivind Haalien og kvalitetssjef i Honningcentralen Tora Snorradottir.

For å vere med i konkurransen må ein ha sendt inn produkt og namn på nominerte til Honningcentralen 1. september. Offentleggjeringa av vinnarane vil skje 22. september under arrangementet Matstreif i Oslo.

Neste artikkel

Inn på tunet hos Støre