Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Låg radioaktivitet hos sau på beite

Dyr på utmarksbeite har jamt over fått i seg relativt små mengder av det radioaktive stoffet cesium-137 i år, går det fram av overvakingsrapporten til Statens strålevern.

Det har vore relativt lite radioaktivt cesium i sauar på utmarksbeite i år, viser Strålevernets sommarovervaking. Foto: Øyvind Holmstad

Somme stader har radioaktiviteten vore rekordlåg, truleg på grunn av dei små mengdene med sopp i høgfjellet i år. Unntaket er Nordland, der det har vore målt høgare konsentrasjonar enn det som har vore vanleg dei siste åra. Verdiane har likevel vore låge, konstaterer Strålevernet.

Strålevernet overvaker jamleg nivåa av radioaktivt cesium hos dyr på utmarksbeite og varslar Mattilsynet om det forventa nivået hos sau før slaktinga om hausten.

Annonse

Overvakinga starta etter at Noreg vart ramma av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka i 1986.

Neste artikkel

Sauebonde skjøt både sau og hund