KrF ber regjeringa snu og vurdere å betale arkeolog-rekninga for bønder

Nestleiaren i KrF går ut mot regjeringa og ber statsråden snu i spørsmålet om offentleg dekking av bønders arkeolog-rekning. – At bønder skal ha ansvaret for å betale for vår felles historie er ganske spesielt, seier Bollestad.

Reagerer: 1. nestleiar i KrF, Olaug Bollestad (t.h.), ber regjeringa snu og følge opp tverrfaglege råd om å greie ut ei ordning med offentleg dekking av kostnader for arkeologiske undersøkingar ved bygging av landbruksbygg. Her saman med tidlegare landbrukspolitisk talsperson, Line Henriette Hjemdal. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kulturminneloven

Utgifter til gransking av freda kulturminne, eller tiltak for å verne dei i samband med inngrep, skal i utgangspunktet betalast av utbyggar.

Ved mindre, private tiltak skal staten dekke utgiftene heilt eller delvis om dei er urimeleg tyngande for tiltakshavar. I jordbrukssamanheng blir nydyrking under 15 mål over 5 år, drenering av inntil 100 mål jord eller bygging av inntil 3 km veg i løpet av 5 år rekna som eit mindre, privat tiltak.

Bygging av driftsbygningar til næringsformål blir ikkje vurdert som eit mindre, privat tiltak, ifølgje Riksantikvaren, men staten kan dekke kostnadene om det ligg føre særlege grunnar.

I rapporten «Landbruksbygg og kulturlandskap» skriv gruppa at dei «anbefaler vidare at Miljøverndepartementet (MD) greier ut ei eiga ordning for offentleg dekning av kostnadane ved arkeologiske undersøkingar for landbruksbygg. Dette er etter vår vurdering nødvendig for å sikre betre oppfølging av føresegnene i kulturminnelova, og samtidig sikre nødvendig bruksutbygging i landbruket».

Helgesen avviser fagråda

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbehold våre abonnenter.


Gratis digitalabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før

Gratis komplettabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag

6 måneder - 50% rabatt

6 måneder for kun 899,-

12 måneder - 50% rabatt

12 måneder for kun 1 599,- 

6 måneder - 50% rabatt

- Papiravisen levert hjem mandag til lørdag
6 måneder for kun 999,-

12 måneder - 50% rabatt

- Papiravisen levert hjem mandag til lørdag
12 måneder for kun 1 999,- 

Neste artikkel