Lik inntektsutvikling som andre grupper målt i kroner, oppstart i tettinga av inntektsgapet og ingen grupper i minus. Det er den absolutte tålegrensa til fylkesleiarane i Norges Bondelag, viser ein ringerunde utført av Nationen.
Tilbodet frå staten på 750 millionar kroner, knapt 8000 kroner per årsverk, provoserte så djupt at bondeorganisasjonane var berre ein hårsbreidd frå å bryte alt før forhandlingane kom i gang. Dei absolutte krava frå fylkesleiarane summerer seg til over ein halv milliard kroner ekstra.
– Ein del av inntektsgapet må tettast i år. Det er eit absolutt krav, og det kjem på toppen av kravet om lik inntektsutvikling som andre grupper målt i kroner. I årets oppgjer er ein dårleg avtale utelukka. Anten får vi gjennomslag eller så blir det full konflikt. Kokepunktet er nådd, seier leiar Lars Morten Rosmo i Sør-Trøndelag bondelag.
Uvanleg harde reaksjonar
I Trøndelag og mange andre stader i landet fortel fylkesleiarar at aksjonsviljen er så stor at dei omtrent må bruke fysisk makt for hindre spontandemonstrasjonar og blokadar. Årsakene til dei uvanleg kraftige reaksjonane frå bøndene er mange.
Statens tilbod om ei prosentvis lik inntektsutvikling som andre, noko som gir bøndene halvparten av det andre samfunnsgrupper får, fell i særdeles dårleg jord. I tillegg provoserer omfordelinga mellom produksjonar og regionar kraftig, og enkelte fylkestoppar kallar forslaget beint ut for «bondekannibalisme».
Bøndene meiner også at regjeringa i Soria Moria 2 har signalisert eit løft utover lik inntektsutvikling som andre målt i kroner.
– Skal vi få korta inn litt på inntektsgapet, så er det nå vi må begynne, seier Rosmo.
Kronekrav ufråvikeleg
Nationen var i går i kontakt med over halvparten av fylkesleiarane i Bondelaget. Kravet om ei lik inntektsutvikling som andre målt i kroner er unisont og absolutt.
Prislappen på dette kravet åleine er ifølgje Bondelaget på 490 millionar kronar. Innfrir staten vil inntektsutviklinga til bøndene meir enn doblast i forhold til statens utgangstilbod, ein oppgang på over 8000 kroner per årsverk.
På toppen kravde Bondelaget i utgangspunktet 10.000 kroner per årsverk for å tette litt av inntektsgapet til andre grupper. Der er i denne potten, som utgjer 550 millionar kroner, at forhandlingsrommet ligg ifølgje fylkesleiarane.
– Storleiken på beløpet som skal bidra til tetting av inntektsgapet kan vi forhandle om. Kravet om lik kronesmessig utvikling er ufråvikeleg, seier leiar Einar Myki i Hedmark bondelag.
Han får støtte frå Nord-Trøndelag.
– Det vi har å forhandle om er dei 550 millionane som skulle bidra til å tett litt av gapet til andre samfunnsgrupper. Og ein del av dei må vi få behalde, seier leiar Trine Hasvang Vaag i Nord-Trøndelag.
Veto mot omfordeling
Utover storleiken på ramma er det statens forslag om omfordeling internt i jordbruket som har skapt sterkast harme blant både tillitsvalde og på grasrota.
Fylkesleiarane stiller eit absolutt krav om at dei verste utslaga må fjernast og at eit minimum må vere at ingen går ned i inntekt.
Sjølv leiarane i fylka som kunne kome brukbart ut av denne typen omfordeling avviser forslaget blankt.
– Eg forstår veldig godt harmen til dei som blir fråtekne tilskot. Slike ufine verkemiddel kan vi ikkje ha noko av. Det bidrar berre til å splitte næringa, seier leiar Erik Fløystad i Aust-Agder bondelag.
Han får støtte frå Sogn og Fjordane.
– Ingen bønder tener for godt. Derfor kan vi heller ikkje godta at nokon skal gå ned i inntekt, seier leiar Per L. Hilleren i Sogn og Fjordane bondelag.
Spår stor fare for brot
Fleire av fylkesleiarane trekkjer fram overgangen frå kronetoll til prosenttoll på mjølk som sjølve nøkkelen til ein jordbruksavtale i år.
Eit slikt grep skal ifølgje bondeorganisasjonanes krav utgjere rundt 340 millionar kroner, noko som gjer at fylkesleiarane ikkje ser på ein avtale som heilt i det blå.
Alle fylkesleiarane vedgår at trøkket, tenningsnivået og avstanden mellom partane er uvanleg stor i år, noko som får fleire til å spå at det er overhengande fare for samanbrot i forhandlingane.
– Vi er nærare brot enn nokon gong. Personleg vil eg tippe at det er 60 prosent sjanse for brot, seier leiar Fred Johnsen i Finnmark bondelag.
Andre igjen spår like stor sjanse for brot som for avtale.
– Eg er svært usikker. Meir usikker enn nokon gong. Men eg er blant dei som meinte det var rett å prøve å forhandle. Så får vi heller bryte viss det ikkje fører fram, seier Hilleren.
Fylkesleiarane i Bondelaget krev at staten legg minst ein halv milliard kroner ekstra på bordet i jordbruksforhandlingane. Fleire trur samanbrot og full konflikt er høgaktuelt.
11.05.2010 20:52
