Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jerv drep færre enn halvparten av bytta sjølv

Jerven drep mindre enn halvparten av byttedyra sjølv og livnærer seg i større grad på åtsel.

– I det store biletet såg vi at jerven drep ein del byttedyr, men at han først og fremst er ein åtseletar. Han drap omtrent ein tredjedel av alle dyra han åt. Resten var åtsel, forklarer Nina-forskar Jenny Mattisson til NRK. Foto: Carl Norberg / Statens naturoppsyn

Det viser ny forsking utført i Noreg og Sverige.

Den største medlemmen i mårfamilien, jerven, får ofte skylda når beitedyr blir funne døde på utmark. Men i kor stor grad drep han eigentleg byttet sjølv? Det har forskarar frå Norsk institutt for naturforsking (Nina) og Sveriges landbruksuniversitet (SLU) prøvd å finne ut i ei ny gransking, fortel NRK. Forskarane merkte i alt 41 jervar med GPS-halsband i Nord-Trøndelag, Troms, Finnmark og Norrbotten og gjekk undervegs inn og undersøkte blant anna kva jerven åt.

Åtseletar

– I det store biletet såg vi at jerven drep ein del byttedyr, men at han først og fremst er ein åtseletar. Han drap omtrent ein tredjedel av alle dyra han åt. Resten var åtsel, forklarer Nina-forskar Jenny Mattisson til NRK.

Medan tamrein og død elg er omtrent like populært blant nordtrøndersk jerv, er det tamreinen som i all hovudsak utgjer dietten i dei nordlegaste områda.

– Tamrein utgjer 87– 95 prosent av dietten i dei nordlegaste områda, medan tilsvarande tal for Nord-Trøndelag er 40 prosent, forklarer Mattisson.

Annonse

I Vest-Finnmark drap jervane i større grad byttedyra om sommaren, fortel forskaren.

Mest reinkalvar

– Av alle dyra som jervane drap sjølv, var det høgst innslag av reinkalvar. Det viser at kor mange tamrein jerven drep er avhengig av talet på rein og kondisjonen til reinen i området, i tillegg til tilgang på alternative matkjelder. Høg tettleik av tamrein påverkar kondisjonen til kalvane negativt, noko som aukar drapstakten til jerven på reinkalvar sommarstid, seier ho.

I Nord-Sverige var gaupedrepne rein eit svært viktig innslag i jervedietten, men dette viste seg å vere mindre viktig i dei norske studieområda.

Neste artikkel

Laveste antall jervekull siden 2002