Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Investorar satsar 790 millionar på genmodifisering

Den norske hedgefondtoppen Andreas Halvorsen går saman med kjemigiganten Bayer og investerer nær 790 millionar kroner i sjølvgjødslande korn.

Ein nordmann er tungt involvert i ei ny GMO-satsing på sjølvgjødslande korn. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB Scanpix

Dette skriv Dagens Næringsliv (DN).

Eitt av dei største hedgefonda i verda, Viking Global Investors, der norske Halvorsen er investeringsdirektør og grunnleiger, er no med på ei rekordstor investering i jordbruksteknologi og genmodifisering. Hedgefondet har slått seg saman med kjemigiganten Bayer AG, som utviklar farmasøytiske og bioteknologiske løysingar for jordbruksnæringa. Det melder nyheitsbyrået Bloomberg, ifølgje DN.

Bayer står saman med Ginkgo Bioworks bak eit bioteknologiselskap som spesialiserer seg på å modifisere genar hos mikrobar. Selskapet jobbar ifølgje Bloomberg med å finne ein metode for å unngå sløsing med nitrogenbasert kunstgjødsel.

Annonse

Bayer og Viking deltok nyleg i ein kapitalinnhenting som tilførte oppstartsselskapet i bioteknologisektoren 100 millionar dollar. Bioteknologiselskapet, som er eit samarbeid mellom Bayer og Ginkgo Bioworks, har framleis ikkje fått noko namn, men det spesialiserer seg på å modifisere genar hos mikrobar.

Teknologien til det nye selskapet har blant anna som mål å imitere genar som finst i peanøtter som gjer at nøtta sjølv kan produserer nitrogen. Selskapet ønskjer å tilføre denne eigenskapen til andre jordbruksvarer som mais, kveite og ris. Resultatet vil vere korn som til ei viss grad er sjølvgjødslande.

Neste artikkel

Norsvin: – Dei nye grisene må få rett stell til rett tid