Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har gitt fôr-dispensasjon til økobønder

Tørkesommaren med følgjande fôrmangel gjer at Mattilsynet har gitt økologiske bønder dispensasjon frå fôrkrava i økologisk drift.

Av dyrevelferdsomsyn er det denne sesongen gitt dispensasjonar for auka bruk av konvensjonelt fôr i økologisk produksjon. Foto: Benjamin Hernes Voigl

Ved utgangen av august hadde Mattilsynet innvilga dispensasjon i 202 søknader, skriv Tine i ei pressemelding.

I tillegg ligg det 12 søknader og ventar på behandling.

Regelverket for økologisk drift opnar for å gi slike dispensasjonar i ekstraordinære situasjonar.

– Det aller viktigaste i situasjonen vi opplever er å sikre dyra nok fôr. Noko anna ville vore heilt uakseptabelt. God dyrevelferd må alltid har prioritet 1, seier Johnny Ødegård, konserndirektør i Tine rådgiving og medlemsservice i pressemeldinga.

Annonse

Etter dispensasjon får bøndene bruke konvensjonelt grovfôr eller auke bruken av økologisk kraftfôr.

Mattilsynet opplyser at dei fleste søknadene kjem frå Austlandet. I tillegg kjem det nokon frå Sørlandet, Rogaland og Trøndelag.

Kvar søknad blir behandla individuelt, og kor mykje meir konvensjonelt grovfôr/ekstra bruk av økologisk kraftfôr desse økologiske bøndene kan bruke vil difor variere.

– Tine vil framleis marknadsføre og selje våre økologiske produkt som vanleg, sjølv om det i ei tidsavgrensa periode blir lov å supplere med konvensjonelt dyrka kraftfôr, seier Lars Galtung, kommunikasjonsrådgivar i Tine i pressemeldinga.

Neste artikkel

Sp vil velte regionreformen med hjelp fra KrF og Frp