Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesutval ber regjeringa droppa pelsdyrvedtak

Eit stort fleirtal av politikarane i fylkesutvalet i Rogaland ber regjeringa snu i vedtaket om å avvikla pelsdyrnæringa og sikra næringa rammevilkår i tråd med tidlegare vedtak i Stortinget.

Oppdrett av mink skal avvikles innen 2025, om regjeringen får det som den vil. Foto: Bjarne Bekkenheien Aase

Det fortel Jærbladet. Representantane til Miljøpartiet og Venstre var dei einaste i fylkesutvalet som ikkje stilte seg bak oppmodinga.

Fleire fylkesparti har dessutan gjort eigne vedtak om at dei ønskjer omkamp om pelsdyrnæringa. Lokallaga til Rogaland Høgre skal dessutan ha fått gjennomslag for at det som dreier seg om nedlegging av næringa i regjeringsplattforma, må reforhandlast.

Annonse

Frå før har også Jærrådet vedteke å be regjeringa gjera om vedtaket om å avvikla pelsdyrnæringa innan 2025. Men dette vedtaket har vekt reaksjonar hos lokale Venstre-representantar.

– For oss i Venstre er avgjerda om pelsdyr ein stor og viktig siger, seier leiar i Klepp Venstre, Mia Bruvik. Ho synest difor det er trist at Jærrådet krev omkamp i saka.

Les også: By og land splittet om pelsforbud

©NPK

Neste artikkel

Bondelaget mener spredt bosetting er viktig for matsikkerheten