Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Furuberg attvald som leiar i Småbrukarlaget

Ingen motkandidat på landsmøte.

På landsmøte i Norsk Bonde- og Småbrukarlag på Hamar søndag vart Merete Furuberg attvald som leiar i organisasjonen.

Det vart ikkje sett fram nokon motkandidat og det var heller ingen debatt om leiarvervet eller dei andre styreposisjonane på landsmøte.

To røysta blankt under valet av Furuberg, som føregjekk skriftleg.

Med seg i styret får Furuberg styremedlemene Modulf Aukan frå Møre og Romsdal (attval), Terje Nystabakk frå Nordland (ny) og Torbjørn Norland frå Rogaland (ny), i tillegg til Mari Søbstad Amundsen frå Troms, Inge Staldvik frå Nord-Trøndelag og Lynn Hege Røyne Myrvang frå Oppland som ikkje var på val.

Annonse

Modulf Aukan blei attvald som politisk nestleiar og Lynn Hege Røyne Myrvang blei vald til ny organisatorisk nestleiar.

Per Anton Nesjan frå Nordland blei vald til ny ordførar i Småbrukarlaget medan Aud Gaundal frå Nord-Trøndelag blei vald til ny varaordførar.

Hilde Mellum frå Hedmark blei attvald som leiar av kvinneutvalet og Rakel Nystabakk frå Nordland blei vald til ny leiar av ungdomsutvalet.

Neste artikkel

– Hårreisande å ville skyte ei binne