Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire vil vere medlem i Bygdeungdomslaget

Norges Bygdeungdomslag har dobla medlemstalet dei siste femten åra.

Leiar Gunn Jorunn Sørum gir lokallaga stor ære for medlemsauken i Bygdeungdomslaget. Foto: Ingjerd Sørlie Yri

Medan organisasjonen i 2000 var på sitt minste med 3.770 medlemmer, talde laget 7.673 medlemmer i 2015, fortel Bondebladet. Medlemsveksten frå året før var på 7,5 prosent.

– Dette er ein fantastisk medlemsauke. Veksten viser at fokuset på verving i alle ledd fungerer, og at vi klarer å tilby bygdeungdommen gode og varierte aktivitetar som fengjer, seier leiar Gunn Jorunn Sørum til Bondebladet, og gir lokallaga stor ære for medlemsauken. Leiaren trur også landbruks- og distriktspolitikken til regjeringa kan ha påverknad på veksten.

Annonse

Årsmøtet til Bygdeungdomslaget har vedteke ei målsetjing om å runde 10.000 medlemmer innan 2019.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997