Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fjernar toll på import av hest

Toll på levande hestar som blir importert til Noreg skal fjernast.

I dag er det toll på 5.000 kroner ved import av hest til Noreg. Foto: Siri Juell Rasmussen

Dette skjer som direkte resultat av at Noreg og EU-kommisjonen blei einige om ein ny avtale om handel og landbruksvarer, den 5. april. Dette skriv Landbruks- og matdepartementet på sine heimesider.

– Eg er svært glad me kan seie at målet med å fjerne toll ved hesteimport endeleg er nådd. Dette er ein urimeleg toll, som har skapa mykje irritasjon i næringa og sporten. Når denne no fell bort, vil det vere ein stimulans til hestenæringa i Noreg, seier politisk rådgivar Margrete Dysjaland i Landbruks- og matdepartementet på heimesidene til departementet.

Annonse

I dag er det toll på 5.000 kroner ved import av hest til Noreg. Det er denne tollen som no vil fjernast.

Neste artikkel

Mjølkebonde er glad for endring