Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felleskjøpet går for gule rundballar

Før har rundballane vore både rosa, blå, svarte, grøne og kvite.

I år skal rundballane vere gule og gi ei handsrekking til barnekreftarbeidet. Foto: Felleskjøpet Agri

I år skal dei vere gule og rette søkjelyset mot barnekreft.

I 2016 stilte Felleskjøpet Agri og plastprodusenten Trioplast med rosa rundballar til inntekt for brystkreftforsking. Året etter var dei blå til inntekt for prostatakreftforsking. I år skal dei vere gule og gå til Barnekreftforeningen.

– Vi er ei lita foreining, og støtta betyr veldig mykje for oss. Det at gule rundballar kjem til å liggje synleg over heile landet, vil bidra til auka merksemd rundt barnekreft og hjelpe oss i det viktige arbeidet vårt med å kjempe mot barnekreft og gi familiane som blir ramma, den støtta dei treng, seier dagleg leiar Trine Nicolaysen i Barnekreftforeininga.

Rundt 180 norske barn blir kvart år ramma av kreft, og takka vere god medisinsk behandling overlever så mange som 75–80 prosent av dei. Mange blir heilt friske, men somme får òg varige skadar av behandlinga.

Annonse

Gulfargen er elles inspirert av det internasjonale symbolet for barnekreft, som er ei gullsløyfe. Gullfarga plast viste seg likevel å vere vanskeleg å produsere. Dermed vart plasten gul.

Med eit venta sal på rundt 10.000 rullar med gul plast reknar Felleskjøpet Agri med eit samla rundballebidrag på 300.000 kroner til barnekreftsaka.

Ideen med farga rundballar for ei god sak starta på New Zealand i 2014 og har sidan spreidd seg til 17 land. Dei første gule rundballane dukka opp på åkrane i Australia og New Zealand i haust. I år blir gule rundballar å sjå i fleire land i Europa.

I år skal rundballane vere gule og gi ei handsrekking til barnekreftarbeidet. Foto: Felleskjøpet Agri

Neste artikkel

Felleskjøpets første kvartal i år når ikke opp til rekordåret 2017