Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den norske bonden er i skvis

Den norske bonden er i skvis. Landbruksministeren vil ha større einingar og auka produksjon. Klima og miljøsektoren vil ha færre dyr og mindre intensivt landbruk, og husdyra skal ikkje koma i vegen for rovdyr, Friluftsfolket vil ha tilgang til landbrukslandskapet og forventar turstiar og gode grinder. Samtundes skal bonden ta vare på gamle rydningsrøyser og freda byggverk, skriv Dag Jørund Lønning på Landbruksbloggen.

Krysspresset norske bønder er utsett for fører til frustrasjon, manglande investeringslyst og påverkar historia ein fortel til neste generasjon. Foto: iStock

Få eller ingen næringar er så utsette for sektorisering (oppdeling av det som i utgangspunktet heng saman) som landbruket. Mange ulike interesser ønskjer å konkurrera om korleis dei knappe tre dyrkbare prosentane av landarealet vårt skal disponerast og forvaltast. 

For enkeltbonden blir det svært så krevjande når ulike interessegrupper og sektorar dreg i heilt forskjellige retningar:

1. Produksjonen må bli meir effektiv

Frå landbrukssida får ein høyra at produksjonen må opp. Areal må utnyttast enno meir effektivt. Ny produksjonsfremmande teknologi må takast i bruk. Tilskott skal og knytast meir til levert volum/tonnasje, medan forvaltaroppgåver skal tonast ned (seier Listhaug). Arealbruken må difor intensiverast, og dyretal må opp.

2. Intensiteten i landbruket må ned

Sterke krefter innanforklima-/miljøsektoren har på si side peika ut landbruket som «versting». Kyr «slepper seg» (danna vestlandsdialekt!) for ofte, får me høyra. Og spesielt med intensive fôringsregime basert på kraftfôr og innmarksdrift. Uansett; Ergo; for å redusera utslepp av klimagassar må intensiteten i drifta ned, og det same må dyretalet. I alle høve på innmarka.

3. Husdyr må ikkje fortrenga rovdyr

Samtidig er det grupper innan den same sektoren som har motsett mål. Ekstensiv beiting av husdyr i utmark kjem i konflikt med andre artar (rovdyr), som ein heller vil prioritera. Bonden og hans/hennar dyr får difor vera gilde å halda seg på innmarka og bruka denne meir effektivt/intensivt, heiter det frå denne kanten.

4. Bonden må forvalte verneobjekt

Men innmarka må delast med ei rad ulike verneinteresser. Både natur- og kulturvernet blir meir omfattande for kvart einaste år. Nye artar og/eller materielle objekt blir anten vedtatt verna, eller gjenstand for aktive kampanjar for å bli innlemma på vernelister. Når då verneobjekta stadig blir fleire, skjer det same med forvaltarkrava til bonden.

5. Befolkninga ønskjer landbrukslandskapet for rekreasjon

Det stoppar ikkje der. Landbrukslandskapet er og eit ynda utgangspunkt for ei veksande, og stadig rikare, befolkning sitt behov for rekreasjon. Representantane for friluftslivet stiller også krav til bonden. Vel, seiest det frå denne kanten, er dyrka mark – i alle høve i vekstsesongen – unnateke allemannsretten, men då blir det jo desto viktigare at bonden legg til rette for skikkelege turstiar, gode grinder, gjerdeklyvarar, osv.

Les også: Kvifor bondekrise 

Krysspress

Lista over er ei lang rekke krav, forventningar og forordningar som i praksis slår kvarandre i hel. Særleg alvorleg vert dette når kravet kjem frå sektormyndigheiter (dette gjeld særleg i forhold til vern). Slike myndigheiter er ikkje folkevalde, men dei har gjerne stor makt likevel – makt til å stilla absolutte krav til enkeltmenneske. Ansvar for at eigne sektorkrav er i strid med dei som kjem frå andre sektorar, har dei derimot ikkje.

Nei, ansvaret er det bonden som sit att med. Det er han/ho som både skal bli ein stadig meir effektiv, tonnasjeproduserande næringsaktør og, samtidig, leggja til rette for turgåarar, redusera klimautsleppa og ta omsyn til stadig fleire raudlisteartar, gamle rydningsrøyser og freda byggverk.

Å vera i krysspress er å bli stilt overfor absolutte krav som ikkje let seg foreina. Resultatet av krysspress er gjerne bitterheit, frustrasjon, sosial resignasjon og minkande deltaking på kollektive arenaer. Eg kjenner mange bønder som har det slik. Dette påverkar sjølvsagt også investeringslyst, innsats, historia ein fortel til neste generasjon, osv.

Les også: God beiting er mye arbeid, men det er verdt det!

Sunn fornuft

Annonse

Løysinga er ikkje vidare sektorisering, men heller ikkje å setja alle andre omsyn enn auka matproduksjon til side. Mykje av godviljen bøndene har i ålmenta kjem frå effektiv forvalting av landskap, natur- og kulturverdiar. Bonden forvaltar sentrale samfunnsinteresser, og fellesgodeproduksjon er essensielt for å oppretthalda støtta til landbruket i befolkninga.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) hadde ein konkurranse frå standen vår på siste Agrovisjon (stor landbruksmesse) i Stavanger. Spørsmålet var som følgjer: Korleis kan me auka matproduksjonen og samstundes ta omsyn til både verne- og friluftsinteresser i jærlandskapet? Svaret me kåra som vinnar var svært kort: «Sunn fornuft!».

Sunn fornuft, eller sunt bondevit om ein vil, handlar om å finna den rette balansen mellom ulike behov og interesser. Sunn fornuft er kreativitet i det daglege. Sektorisering, kombinert med absolutte krav, stenger derimot for bruk av sunn fornuft. Skal den gode balansen finnast må det eksistera eit forhandlingsrom, og det må finnast arenaer der ulike interesser og sektorar kan møtast.

Dette siste eksisterer knappast lenger. Noko svært viktig har gått tapt for oss her – i all iveren etter å dela oppgåver og utfordringar opp i stadig mindre delar.

Les også: Dialogforum - ei løysing i sikte på Jæren?

Saman med kollegaer ved HLB, og gode samarbeidspartnerar innanfor landbruk, bolignæring, politikk, forvalting, frilufts- og verneinteresser på Jæren, har eg i fleire år no arbeidd med å etablera felles arenaer for å kunna finna gode, samskapte løysingar på arealutfordringar i jærlandskapet. Det vellukka dialogforumet Jærsmiå er ein av desse.

Representantar for både politikk, landbruk, anna næringsliv, forvalting og sivilt samfunn har ytra at dei set stor pris på dette arbeidet. Den same tilbakemeldinga får eg over heile landet i samband med foredrag og prosjektarbeid. Dei gode, berekraftige løysingane vil alltid gå på tvers av sektorar og interessegrupper. For å finna dei må me setja oss saman. Det handlar ikkje primært om å gje og ta, men om å fellesskapa noko me også skal eiga og kjenna ansvar for saman.  

Les også: Kor mange bønder trengs

Demokratiseringsmanual

Til slutt: For alle som kjenner på dei utfordringar sektoriseringa skaper, har dette dialogarbeidet no vorte «handbok». I publikasjonen «Dialogbasert utvikling - Manual for lokal mobilisering og demokratifornying», fokuserer eg på korleis akselererande sektorisering og byråkratisering (som eg kan resultera i krysspress) kan motverkast med folkeleg engasjement, og utviklingsstrategiar som går på tvers av interessegrupper og etablerte profesjonsgrenser. 

Målet med boka er å syna korleis me alle kan vera utviklingsaktørar, og korleis me i fellesskap kan  balansera viktige, men tilsynelatande motstridande, samfunnsinteresser opp mot kvarandre i eit lokalsamfunn eller ein region. Dialogbasert utvikling er å utvisa sunn fornuftsaman.

Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Landbruksbloggen er et samarbeid mellom Norsk Landbrukssamvirke og Nationen. Les flere blogginnlegg.

Årets landbruksblogger skal kåres.

Avgi din stemme under!

Neste artikkel

Jordbruksmeldingen er en hån mot bonden og miljøet