Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dårleg år for norsk matkorn

Det våte haustvêret har gitt ein dårlegare haust for norsk matkorn. Truleg vil det bli produsert mindre matkveite enn det som har vore snittet dei siste fem åra.

Det ser ut til å bli eit dårleg år for norsk matkorn. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix/ NPK

Mykje regn har skapt utfordringar. På Austlandet har ein kald sommar ført til at kornet har modna seint, og med mykje regn i haust har det vore vanskeleg å treske. Dette skriv Landbruksdirektoratet.

• Les mer: Fôrmangel gjør at Sven Ivar må selge dyr

I Trøndelag ser kornavlinga ut til å bli bra, trass i ein våt sommar også der. I Rogaland er treskinga framleis ikkje ferdig, og det vil føre til at mange ikkje rekk å så haustkorn.

Annonse

Tyskland er det landet Noreg oftast importerer korn frå. Dei har også hatt ein dårleg kornhaust, noko som gjer at Noreg truleg må sjå seg om etter andre importmoglegheiter.

• Les mer: Ønsker både nasjonale og internasjonale matlagre

Neste artikkel

EU-rapport tar til orde for ansvarleg bruk av antibiotika