Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dale krev at svinebøndene ryddar opp

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kravde opprydding i svinehaldet da han besøkte landbruksmøtet på Varhaug på Jæren tysdag.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale trua med å "tøffe seg" om ikkje grisebøndene får skikk på dyrevelferda da han besøkte landbruksmøtet på Varhaug tysdag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– De får sjansen først sjølv. Men om de ikkje bruker han, kjem eg til å tøffe meg, trua Dale bøndene, ifølgje lokalavisa Jærbladet.

Bakgrunnen er dyretragedien som Mattilsynet avdekte i Rogaland i november. Under ein tilsynskampanje i fylket fann tilsynet over hundre døde dyr hos ein grisebonde på Jæren og har avdekt fleire tilfelle av dårleg dyrevelferd.

Landbruksministeren la ikkje skjul på at han er lite imponert over det som har komme fram om svineoppdrettet i Noreg det siste halvåret.

• Les også: Grisebonde: – Det én bonde gjør rammer oss alle

Leiaren i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, sa at ho håper at landbruksministeren skal sleppe å tøffe seg.

Annonse

– Vi har tatt tak, sa Epletveit, ifølgje Jærbladet.

Styreleiar Geir Heggheim i Norsvin seier til avisa at samvirkeverksemda no har laga ein handlingsplan for dyrevelferda i svinehaldet. Der blir det mellom anna stilt krav om regelmessig veterinærbesøk hos alle som driv med gris.

– Vi skal gjere vårt beste for å få til ei haldningsendring og snu denne utviklinga. Dale har tydeleg tillit til at vi skal ordne opp i dette. Eg vil seie situasjonen er ganske alvorleg, seier Heggheim til avisa.

Neste artikkel

Driver 17 gårder – vil ha mindre bruk