Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bønder jobbar for det meste aleine

Drygt 55 prosent av bøndene brukar vanlegvis heile eller mesteparten av arbeidsdagen aleine, ifølgje ei undersøking gjennomført av Agri analyse for Landbruksforsikring.

Eit fleirtal av norske bønder brukar vanlegvis heile eller mesteparten av arbeidsdagen aleine, ifølgje ei ny undersøking. Foto: Mariann Tvete

Ytterlegare 14 prosent oppgir at dei er aleine omtrent halve dagen. Berre tre av ti svarar at dei som regel er aleine mindre enn dette.

– Mange set nok pris på sjølvstendet ein har i bondeyrket, sjølv om den også kan opplevast krevjande i periodar, seier Linda Stubsjøen, bransjeansvarleg i Landbruksforsikring i ei pressemelding.

Om lag 23 prosent oppgir òg at dei saknar trufaste støttespelarar.

– Gode faglege og sosiale møteplassar er avgjerande for å fange opp dei som manglar nokon å diskutere viktige spørsmål med. Her blir det gjort mykje bra allereie, men det er viktig at dette framleis blir prioritert høgt, seier Stubsjøen.

Annonse

Bondelaget er òg opptekne av å legge til rette for fellesarenaer som kan kompensere for ulempene ved å jobbe aleine.

– Det skjer mykje i regi av lokallaga våre, dei ulike produsentlaga, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og fleire andre. Ofte er det ei god blanding av bønder og ulike fagfolk som møtes, i samanhengar som både er til nytte og hygge, seier Inger Johanne Sikkeland, seniorrådgivar i Bondelaget i pressemeldinga.

Neste artikkel

Felleskjøpet ventar med grovfôr-import