Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Bønder bør følgje strengare krav

Dei siste åra har landbruket gjort ein ekstra innsats for å førebyggje brann, noko som har gitt resultat. Men bransjeekspertar meiner bøndene framleis har meir å gå på.

Norske bønder må no tilpasse seg endå strengare krav til førebygging av brann, meiner bransjeekspertar. Jan Elgvang/Landbrukets brannvernkomité

Norske bønder må no tilpasse seg endå strengare krav til førebygging av brann, meiner bransjeekspertar.

– Grundig næringskontroll av elanlegg med varmesøkjande kamera blir fasa inn i rutinane ved stadig fleire gardsbruk. Dette er eit treffsikkert tiltak for å førebyggje brann, seier Linda Stubsjøen, bransjeansvarleg i Landbruksforsikring og representant for selskapet i samarbeidsorganet Landbrukets Brannvernkomité (LBK).

LES OGSÅ: Feilmonterte ildsteder gir brann i huset

Sidan førre årsskifte har dei fleste forsikringsselskapa stilt krav om slik kontroll ved større bruk. Gjennomgangen skal gjerast av sertifisert kontrollør kvart tredje år.

Annonse

– Rundt 30.000 gardsbruk er omfatta av kravet om forsterka el-kontroll, og mange er godt i gang. Ved ein god del mindre bruk gjer ein det same på frivillig basis, og det er svært positivt, seier Stubsjøen.

LES OGSÅ: 40 har omkommet i brann i 2016

Etter ein lang periode med negativ brannskadeutvikling i landbruket, har statistikken betra seg dei siste åra. I 2015 blei skadeutbetalingane etter brannar i driftsbygningar 212 millionar kroner, som var godt under gjennomsnittet for dei fem siste åra. Tala for 2016 er venta midt i februar. ©NPK

Neste artikkel

Vil ta matjorda fra kommunene