Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøndene reagerer sterkt på Dales nei til krisepakke

– Ein særeigen krisepakke er ikkje aktuelt på noverande tidspunkt, sa landbruksminister Jon Georg Dale på NRK i dag tidleg. Dermed øydela han stemning før dagens møte mellom regjering og ei tørkeråka bondenæring.

Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukerlag og Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, reagerer sterkt på at Jon Georg Dale avviser en krisepakke for tørkerammede norske bønder. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Eg er sint, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Det er heilt uforståeleg at ein fagstatsråd skjønnar så lite av situasjonen. Det er heilt utruleg i ein situasjon der vi ikkje snakkar om hundre kriseråka bønder, men tusenvis. Og når bonden ikkje har råd til å betale rekningane sine, går det ut over alle i samfunnet. Her må styresmaktene stille opp!

– Kva tenkjer du om tidspunktet for å gå ut med bodskapen, nokre får timar før regjeringa skal møte bøndene?

– Eg registrerer det med undring. Det er heilt sikkert statsministeren som har sendt han ut med bodskapen, dette har ikkje Dale gjort åleine.

– Dale snakkar også om ei reforhandling av jordbruksavtalen, kva tenkjer du om det?

– Eg oppfattar han slik at det er erstatningsordningane i avtalen han vil reforhandle. Det er eg ikkje imot. Dei vi har i dag fungerer i vanelege kriser. Men situasjonen i år er eksepsjonelt ekstraordinær, difor må det ekstraordinære tiltak til. NBS sa før vi visste kor stor krisa vart at situasjonen kunne løysast med ein tilleggsprotokoll. Men å ta pengar frå andre stader i jordbruksavtalen, det støttar vi ikkje. Næringa treng friske pengar, no. Kva løyvinga heiter er ikkje det viktige, det viktigaste er at krisepakka kjem no.

Annonse

Furuberg likar heller ikkje at Dale snakkar om å sjå situasjonen an.

– Vente til seinare? Det er no bonden treng pengar til å kjøpe ekstra fôr, det er no bonden ser beita bli brunsvidde, og følgjer med på om dyra tek til å bli magra av. Statsministeren må kome med ei krisepakke, no.

– Kva tenkjer du no før møtet med statsministeren?

– Vi er sinte og provoserte. Dei forventingane vi hadde i går, er gått over til sinne.

LES OGSÅ: Dale forsvarar auka import av storfekjøt frå EU

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes vart ikkje mindre forundra då han høyrde landbruksministeren på radioen.

– Det er svært overraskande at regjeringa ikkje tek inn over seg den kraftfulle økonomiske krisa som utviklar seg i landbruket, seier Bartnes til VG.

Og til det med reforhandling seier også han at det ikkje vil vere aktuelt med ei reforhandling, det vil i så fall vere snakk om ei tilleggsforhandling, om meir pengar.

Neste artikkel

Rester fra ølbrygging kan redde tørkerammede svenske kyr