Bondelaget ber KrF og Venstre stoppe konsesjonsfrislepp

Bondelaget ber Stortinget hindre at regjeringa underminerer konsesjonsloven. KrF avviser større endringar. Venstre kallar seg garantist for loven.

Per Skorge (t.h.) i Bondelaget ber Stortinget hindre utholing av konsesjonsloven. I dag legg landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.v.) fram forslag om endringar av loven. Foto: Siri Juell Rasmussen

Eigedomsreglar i landbruket

Regjeringa har varsla at dei vil legge fram forslag til endringar i konsesjonsloven for landbrukseigedom.

I sommar var fleire forslag på høyring. Blant forslaga var:

- Å heve arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel frå 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord til 35 dekar.

- Tilstøytande eigedommar skal kunne kjøpe tilleggsjord konsesjonsfritt

- Etter fem års leigetid skal tilleggsjord kunne kjøpast konsesjonsfritt

- Priskontrollen blir oppheva på reine skogeigedommar

17.196 eigedommar er på mellom 25,1 og 35 dekar, ifølgje utgreiinga. Totalt er 105.566 landbrukseigedommar (56,8% av totalen) under 35 dekar, som opnar for konsesjonsfritt sal.

Mellom 25.400 og 29.250 skogeigedommar vil kunne bli fritatt frå priskontroll med forslaga som blei lagt fram i sommar, ifølgje Landbruks- og matdepartementet.

– Vi får sjå kva som kjem, men forslaga i førre runde var så omfattande og alvorlege at dei i praksis vil underminere heile konsesjonsloven. Vi ser kva som skjer i naboland der jord og skog blir samla på få hender og selskapsjordbruket er på sterk frammarsj. Forslaga som blei lagt fram i sommar er eit takk og farvel til familiejordbruket og den sjølveigande bonden. Vi vil aldri gi oss i denne saka. Dette må Stortinget stoppe, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

– Kan omgå loven

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbehold våre abonnenter.


Neste artikkel