Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bartnes og nestleiarane stiller til attval i Bondelaget

Lars Petter Bartnes og begge nestleiarane har meldt frå at dei ønsker å halde fram i leiarverva i Norges Bondelag.

Stiller: Leiar Lars Petter Bartnes og nestleiarane Frøydis Haugen (t.v.) og Bjørn Gimming (t.h.) har meldt frå at dei gjerne tar attval. Her frå årsmøtet i Bondelaget i fjor. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Heile leiartrioen i Norges Bondelag stiller til attval, melder Bondelaget.

Går på sin 5. periode

Leiar Lars Petter Bartnes, som bur i Trøndelag, blei første gong vald som leiar i Norges Bondelag i 2014. Han kan dermed gå på sin femte periode som leiar om han får støtte frå utsendingane på årsmøtet i Norges Bondelag i juni.

Begge nestleiarane, 1. nestleiar Bjørn Gimming frå Østfold og 2. nestleiar Frøydis Haugen frå Hordaland, har også meldt frå til valkomiteen at dei stiller til attval.

Les også: Haugen vald til ny 2. nestleiar i Bondelaget

Alle styremedlemer som blir valde for to år stiller også til attval, ifølgje Bondelaget. Det gjeld både Birte Usland frå Vest-Agder, John-Erik Skjelnes Johansen frå Nordland og hedmarkingen Arne Elias Østerås, som representerer Felleskjøpet Agri.

Innstillinga kjem seinare

Annonse

Varamedlemene Bodhild Fjelltveit (1. vara) frå Hordaland og Bente Stensland (3. vara) frå Vestfold stiller også til attval, medan Erling Aas Eng (2. vara) frå Hedmark har meldt frå at han ikkje tar attval.

Bondelaget skriv at dei har 63.500 medlemer. Ved årsskiftet for vel eitt år sidan var medlemstalet 63.090.

Valet av nytt styre skjer på årsmøtet, det såkalla Bondetinget, som blir arrangert på Lillehammer den 6. og 7. juni. Valkomiteen pleier kome med innstillinga i mai.

Neste artikkel

Rekordvarme på Østlandet gir tidlig honningsesong