? Vi fann vel 19.900 for mange høner i kontrollen, seier fylkesagronom
Kristian Wibe i Nord-Trøndelag.
Graden av overproduksjon varierer sterkt. Ein av eggprodusentane hadde 11.291
for mange høner i fjøset. Han er ilagt ei bot på 1.680.000 kroner.
Dei som hadde minst overproduksjon hadde rundt 600-800 for mange høner i
fjøset, eit par hadde vel 2000 for mange høner.
Det er 106 eggprodusentar i fylket, og fylkesagronomen vedgår at dei plukka ut
dei første til kontroll etter ei riskobasert vurdering.
? Eg reknar ikkje med at vi finn overproduksjon hos alle, understrekar han.
? Det eit stort problem for heile fjørfenæringa at så mange bønder
overproduserer, og har fleirehøner enn dei har lov til, seier Lars Petter
Bartnes i Nortura-styret til NRK
Trøndelag.
? Heile eggnæringa blir utfordra av dei som produserer for mange egg.
Norsk fjørfelag ser også svært alvorleg på saka, og ber bøndene skjerpe seg.
? Det er svært alvorleg at bønder juksar med egg- og kyllingproduksjon, seier
styreleiar David Koht-Norbye i Norsk Fjørfelag til distriktssendinga.
Han er skuffa over at så mange bryt lova, og meiner det ikkje finst orsaking
for slike lovbrot.
? Vi beklagar sterkt at desse bøndene er med og øydelegg omdømet vårt.
Fleire bønder kan vente seg kontrollar etter husdyrkonsesjonsloven.
Det gjeld både fjørfeprodusentar og svineprodusentar.
? Vi reknar med at det som har skjedd vil ha ein avskrekkande effekt, seier
fylkesagronom Kristian Wibe.
Publisert mandag 07.06.2010 kl. 10:02 (Sist endret mandag 07.06.2010 kl. 10:57)
Siste innenriks

